Tysdag vart det brot i forhandlingane mellom Norsk Industri og Fellesforbundet. Frå Søndag kan 3717 arbeidstakarar i Hordaland vera i streik, melder BA.

I Nordhordland kan verksemdene Framo Flatøy, Framo Holsnøy, Frekhaug Stål, Seilmaker Iversen på Frekhaug, og Voith Industrial Services AS på Mongstad går det fram av ei liste presentert av næringslivsnettstaden  Vest 24.

Totalt er det 324 arbeidstakarar i Nordhordland som kan verta tatt ut i det fyrste streikeuttaket.

Langt frå kvarandre

BA skriv at det einaste som kan hindra ein streik er at partane kjem til eine før klokka 24 natt til søndag. Fredag stod partane framleis langt frå kvarandre, men ein pressekonferanse vart annonsert klokka 17.00, like etter at Avisa Nordhordland gjekk i trykken.

Kjøpekraft hovudtema

Fellesforbundet sitt framste krav i oppgjeret er at kjøpekrafta skal oppretthaldas. Det vil sei at lønningane skal halde følge med prisveksten, som er venta å hamna på 2,5. Norsk Industri har så langt avvist kravet.

Kva skjer?

I samband med ein eventuell streik er det mange spørsmål som dukkar opp. På NHO sine heimesider kan du lesa meir om kva som skjer når ei verksemd vert råka av streik.