Går frå journalistikken til Kystrederiene

Linn Therese Skår Hosteland (29) er tilsett som næringspolitisk rådgivar innanfor Aqua-shipping i Kystrederiene.

Linn Therese Skår Hosteland (29) er tilsett som næringspolitisk rådgivar innanfor Aqua-shipping i Kystrederiene. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Masfjordenkvinna Linn Therese Skår Hosteland (29) er tilsett som næringspolitisk rådgivar innanfor Aqua-shipping i Kystrederiene. Ho kjem frå stillinga som webredaktør i Kyst.no.

Det kjem fram i ei pressemelding.

Kystrederiene, med tilhøyrande Brønnbåteiernes Forening, er den leiande arbeidsgivar og interesseorganisasjon for nærskipsfart og aqua shipping i Norge. Kystrederiene etablerte tariffavtale for service- og fleirbruksfartøy i februar i år.

– Som næringspolitisk rådgivar håpar eg å kunne ta ei meir aktiv rolle i det som skjer. Få vera med på å legga premissane innan utviklinga for aqua ahipping, bidra til å løfte fram historiene som er viktige for medlemmene, og dei som legg til rette for verdiskaping og aktivitet langs kysten vår, seier Hosteland i pressemeldinga.

Hosteland kjem frå stillinga som webredaktør i Kyst.no. Oppdrettsnæringa har ho skrive om i dryge 4 år, som journalist og redaktør i Kyst.no, samt skrive for fagbladet Norsk Fiskeoppdrett. Oppveksten hadde ho i Masfjorden, der hennar far drev fiskeoppdrett.

Artikkeltags