Gå til sidens hovedinnhold

Når bompengar er det einaste som betyr noko

Artikkelen er over 2 år gammel

Kvifor starta ikkje FNB-folka «Folkeaksjonen nei til urettferdig fordeling» i staden?

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg forstår folk sin frustrasjon over Nordhordlandspakken.

Bompengane vil råka dei som har minst frå før av hardast, utan at noko særleg av pengane brukast på å betre kollektivtransport. Dei av oss i Alver som må bruke bil vil altså ikkje eingong få eit betre alternativ til bilen.

Dette blir å straffe folk for noko dei ikkje kan velje.

Alver SV er mot bompengar i Alver kommune, sjølv om det aldri skulle vere ei valkampsak. Me kjem til å røyste med FNB i bompengesaka fordi me meiner det er ein dårleg deal med lite omsyn tatt til folket som bur her.

I motsetnad til FNB har me laga ein plan for korleis me vil gjere situasjonen mest mogleg leveleg dersom bompengar mot vår vilje blir innført. Då vil me krevje ei endring av dei planlagde plasseringane slik at ein oppnår ein miljøgevinst, og me vil krevje ei rabattordning på tvers av kommunegrensene slik at ikkje folk blir råka hardare enn nødvendig. Ein må nemleg ha ein «plan B» når ein ikkje er herre over heile verda.

Les også

Ei orientering om områdeplan for Lonena

Bompengar er like vel ikkje alt. Me lev i ei tid kor kloden er truga av klimaendringar og forureining. Ei tid kor dei fattige vert fattigare, og dei rike vert rikare. Ei tid kor nazistar marsjerer i gatene våre, og høgreekstremismen, Europa sin største terrortrussel, er på frammarsj. Me lever i ei tid kor 68,5 millionar menneskje er på flukt, og kor fleire hundre uskuldige born i skrivande stund sit i konsentrasjonsleirar i USA.

Det er openbert mange viktige saker som burde fått blodet til å koke like mykje som bompengar, men det er bompengar som sel. Eg klarer ikkje å bestemme meg for om det er tragisk eller morosamt at av alle verdas problem, blei det bompengar nokon luringar fant på at dei skulle lage eit eige parti for.

Les også

Utkantfestivalen har kome styrka ut av krisa

Eg kan forstå at enkelte saker treff folk fordi det handlar om lommeboka, men dersom det verkeleg handlar om lommeboka, ville eg starta med ganske mykje anna før bompengar. Dersom til dømes eigendelen på barnehageplass/SFO var Kr 0, noko SV kjempar for, ville eventuelle bompengar vorte bortimot nulla ut.

Eit anna problem som svir meir for lommeboka er at høgresida i dag fører ein urettferdig skattepolitikk som gjer at dei fattige vert fattigare og dei rike vert rikare. Forskjellane aukar og regjeringa gjer ikkje noko med det.

Kvifor starta ikkje FNB-folka då «Folkeaksjonen nei til urettferdig fordeling» i staden? Det er ei sak som med gjennomslag ville tent lommeboka til Morten Klementsen mykje meir enn alle bomstasjonar han kunne drøymt om å rive.

Les også

Frivilligheten er gullet vårt

Svaret er nok at bompengar er noko du merkar. Du køyrer forbi eit skilt med beløpet du skal betale, du veit at det kostar flesk, du reknar på kronene, og du får rekningane. Du merkar det godt.
Regjeringas urettferdige fordeling, derimot, er ei mykje meir skjult problemstilling for folk flest, sjølv om det faktisk har mykje meir å seie for lommeboka di enn bompengar.

Me kan ikkje berre vere opptatt av det me kan sjå og føle, då vert me utruleg sårbare for mykje urett.

Tenkjer du å røyste FNB på grunn av bompengar? Då kan du like godt røyste SV, for me er einig med dei i bompengesaka. Grunnen til at du skal røyste på SV og ikkje FNB er at me i tillegg til bompengesaka er eit parti med mykje erfaring som bygger all politikken vår på kjerneverdiane våre – solidaritet og fellesskap. Ikkje berre bompengar.

Les også

Alver skal bli ein ja-kommune!

Eg seier ikkje at FNB ikkje har andre saker enn bompengesaka, for dei har faktisk eit program, om så eit ganske tynt eit. Likevel har dei vert veldig tydelege på at det er bompengar som er det viktige i valet 2019.

Poenget er at FNB er eit parti i utvikling. Å røyste dei inn i kommunestyret før dei har funne ut kva dei meiner om alt, kan difor by på nokre uhyggelege overaskelsar.
– Det vert litt som å ha sex utan prevensjon; gøy der og då men ikkje så gøy når du plutseleg får gonoré.

Ei stemme til SV derimot, er ei stemme til eit parti som har utvikla god og viktig politikk på dei aller fleste område. Stem SV og slepp overraskingane.

Les også

«Eit utstyrsbibliotek kan gi alle eit tilbod om å leiga idrettsutstyr eller musikkinstrument gratis»

Kommentarer til denne saken