Når alt skal ut på anbod blir samfunnet kaldare

«Fedjebjørn» går mellom Fedje og Sævrøy.

«Fedjebjørn» går mellom Fedje og Sævrøy. Foto:

Av
DEL

MeiningarUtan stabilt ferjetilbod er øysamfunnet sårbart.

Førre veke vart det nok for mange av oss. Ein god kuling sommarsdagen, lyst, god sikt, ikkje sjø å snakka om. Og ferja legg seg i ro og grunngjev avgjerda bak omsyn til tryggleik.

Når dette selskapet er så opptatt av tryggleik, at dei ikkje kan gå frå kai verken i skodde eller vind som er heilt normalt for området dei har fått kontrakten på, so må me stilla spørsmålet: Vert sikkerheita VÅR som skal bu her ute ivaretatt?

Kjem me oss til sjukehus i skodde når hverken ferje eller helikopter går?

Det er også merkeleg at eit reiarlag som flaggar tryggleik så høgt, velgjer ei ferje med ope dekk med ei mildt sagt uheldig løysing for å halda dekket fritt for sjø. Min påstand er at desse etter kvart omtalte “svalkeportane” av gummi, slik dei er monterte no, er av ein slik karakter at dei kan verta direkte farlege når ein verkeleg får bruk for dei.

  • Avisa Nordhordland kontakta sjølv debattanten for publisering av dette lesarinnlegget.

Nødvendigheita av at desse ikkje sviktar er noko som mange sjøfolk har fått erfara. Det er nemleg ein grunn til at desse opningane er der. Dei må vera der og dei må fungera i vind og sjø for å få godkjent ei ope ferje på ei strekning som Fedjefjorden vintersdagen.

Det er på tide at Fjord1 får møta seg sjølv litt i døra når dei hevdar å setja sikkerheita og HMS i høgsetet.

Fleire av ventilane/svalkeportane på Fedjebjørn var i går heilt eller delvis blokkerte. Men veret har så langt vore fint og det har aldri vore noko fare på ferde. Med denne løysinga i dårleg ver må lasta surrast. Kjem det for mykje vatn på dekk i slinger og dårleg ver, så har ein ingen kontroll på eit fartøy med laus dekkslast.

Fedjebjørn burde aldri vore bygd slik. Men det er billegare både å byggja og - på kort sikt - drifta ei opa ferje.

Tonnasjen (bruttoregistertonn) går også betrakteleg ned når ein vel eit ope dekk framfor eit lukka dekk. Også dette vert billegare. Vedlikehaldskostnadar med innvendig rust og liknande vil auke. Krav til minimumsbemanning vert ofte mindre, og folk har lov å sitja i bilane, til trass for at det er innlysande at det går mykje lenger tid i ein naudsituasjon å evakuera "Fedjebjørn" enn "Fedjefjord". (T. d. leita etter passasjerar i bilar i mørkre i høg sjø og få organisera evakuering i ei meir uoversiktleg salongløysing.)

Så kva står i kontrakta når nokon skal få eit anbod på strekninga Fedje-Sævrøy? Sjølvsagt må ferja vera godkjent for området, og alle rekna med at ho vart spesialbygd for dette.

Men me måtte utruleg nok svelja den første kamelen: Ferja skulle vera open, og det var mange som eigentleg då håpa på at ho vart så låg at vinden ikkje fekk tak i ho. Men ho kom, høg og flott med god utsikt, lys og flott, og so stille at det er like triveleg som å sitja å prata på venterommet hjå tannlegen.

Ferja skulle ha eit så høgt baugvisir at det ikkje ville komma ein dråpe med sjø på bilane vart det sagt. Men det vil skvetta slik om vinteren at me har til salt i grauten berre på eine speilet for å sei det sånn. Men stod det noko i kontrakten om at ferja måtte kunne gå i vind og skodde mon tru?

Kom det som ei overrasking på Fjord1 at det ikkje var spesielt god plass i innseglingane? Og at det ofte bles både kuling og storm her?

At til og med "Fedjefjord" med si maskinkraft stundom kunne ha problem med vindfanget? Spurte dei skipparane og mannskapet til råds, og brukte dei erfaringane som var gjort gjennom 20 år med "Fedjefjord"? Eller dimensjonerte Fjord1 maskineri og manøversystem for at det i lag med den smekre vannlinja kun skulle halda rimeleg miljøfart midt i fjorden i fint ver, og utan omsyn til at ferja skulle kunne handterast i sterk vind?

Er radarane for dårlege, er ferja rett og slett for stor og brei? Er ho for vanskeleg å manøvrera i anna enn klårt godver? Er det farleg å reisa i vinterhalvåret? Det er klart at mange lurer.

Går kravet om lågast anbodspris og dette kravet om “grøn framdrift” og høg kapasitet framfor krav om driftstryggleik? Burde det vore spesifiserte krav om kva vind og ver ferja kunne gå i, innbakt i anbodet? Prøvetid på strekninga og dagmulkter om ferja ikkje meistra jobben?

Kor “miljøvenleg” er eigentleg ei slik open hybridferje? Eg er personleg overbevist om at konvensjonell dieseldrift og ekstra sidepropellar hadde vore billegare og betre. Fedjefjorden er ikkje plassen for å testa ut nye idear.

Eit opplada batteri leverer rein straum utan utslepp. Men i dagens straumnett kjem like mykje av energien for lading frå kol-, atom- og vind-kraft som frå rein vasskraft. Kanskje slår vindmøllene i hjel eit par havørnfamiliar, ein spurveflokk og eit par svanar for å få propellane til å spinna over Fedjefjorden. Og i ladesystemet er det store tap. Energi som forsvinn i varme. Det må monterast kjøleanlegg på kaia for å få denne varmen ut til kråkene vil eg tru. Og ladestasjonane er ikkje standardiserte, så det kan verta problem å få inn ei "grøn" reserveferje.

For kvart 100 tonn kobolt som går til desse ferjebatteria, kjem ca 60 tonn frå Kongo, der ikring 40.000 ungar skrapar dette utor gruvene berføt og i shorts. Er dette tatt med i HMS-rekneskapet når krav om batteridrift i ei open ferje vert lagt til grunn? Og kor miljøvenleg er det at hundrevis av bilar må skrotast før tida, på grunn av rust som følgje av sjøsprøyt på dekk?

Er anbodsystemet i ferd med å setja til side all verdifull kompetanse og erfaring?

Er det berre blårussen og miljøpartia som får komma til ordet når framtida for dei små kystsamfunna skal bestemmast? Mykje vert overflødig med anbodsystemet. Stuerten i kiosken som vinkar på deg når pølsa er varm. Billettørane med årelang trening i kundebehandling som no rederikontoret må ta via mail. Er ikkje praten med billettøren både kystkultur, sosial trening og kanskje den einaste menneskelege kontakten eit einsamt menneske får i løpet av nokre dagar?

Den gode praten mellom kunde og leverandør. Er alt dette med i reknestykket? Sjølvsagt ikkje. Tapte me kanskje meir enn me vann med minimumsbemanning og ferjer på anbod? Ein matros som i staden siktar på deg med ein mobiltelefon i det du passerer lemmen i staden for at du rullar ned glaset ditt og seier: “Ein vaksen og tre ungar, og so bilen og kjeringjæ då”?

Ferjemannskap er topp folk. Me er glad i dei. Og eg er sikker på at dei også kan vera samde i mykje av dette. Folka i Fjord1 og andre som må forholda seg til alle idear og politiske styringar er flinke folk. Men alt er under press. Også me som skal forholda oss til denne nye tankegangen, der me må vurdera vermeldinga fleire døgn før me har time hjå tannlegen med ein av ungane. Skal me ta bilen? Må han stå att i Sævrøy? Får me skyssbåt? For ikkje å snakka om dei som er alvorleg sjuke om vinteren.

Slik vert det når anbodsriket får råda. Der HMS, krav om effektivitet, skadefrihet, ansvar og ansvarsfraskrivelse til slutt vert summert på ei einaste linje: Pengar.

Tidlegare hadde eitt selskap buss og ferje i området med korrespondanse, og sjåførane snakka norsk. Det heile var meir avslappa, og folk var underlagt mindre byråkrati, papir, kviletidskjema og dataprogram for den minste ting. Om nokon glei på dekk, så var det eit uhell. Ikkje ei erstatningssak.

Ferja dura og gjekk med sin motor, aksling og sidepropell. I alt slags ver. Ein ting er enno som før. Bilane rustar på dekk. Og du kan enno få deg ein kopp kaffi og blunka til ho i kiosken eller beundra barten til stuerten. Nei, dei forsvann visst i forrige anbodsrunde. Dei vart bytta ut med betre HMS, og nokre gummilappar frå Tyrkia.

Tenk over det når du neste gong du drar kortet ditt hjå kioskdama. Ho kikkar i løynd på deg. Hvis du brått ser ho rett inn i auga og blunkar til ho, så blunkar ho aldri tilbake. Ho må vera kald. Ho ser på så mange tenker du.

Like greitt. Ho er sikkert billeg. Ho er ein automat.

Artikkeltags