Dina vart forlatt ved alteret: Selde kjole og ring, gav ut CD

PLATEDEBUTANT: Tidlegare elev ved Knarvik VGS, Dina Sael er aktuell med sitt første album.

PLATEDEBUTANT: Tidlegare elev ved Knarvik VGS, Dina Sael er aktuell med sitt første album. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Dina Sael vart forlaten ved alteret. Resultatet vart debutalbum og norgesturné.

DEL

Torsdag vart debutalbumet til tidlegare Knarvik-elev Dina Sael gjeve ut. Albumet, med namnet «Love Me, Leave Me», er eit resultat av ei verd snudd opp ned då Sael vart forlaten ved alteret på bryllaupsdagen. Brudekjolen og forlovingsringen vart seld og finansierte de nylanserte albumet.

Dina Sael har ei lang fortid med musikk og er utdanna songpedagog. Ho har også prøvd seg som skodespelar og medverka nyleg i TV Norge-serien «Helt Perfekt».

Forlaten ved alteret

Mykje av tekstmaterialet til Sael kjem av egne erfaringar, spesielt frå ho vart forlaten ved alteret. Ho skriv openhjartig om både kjenslene av å verte forlaten ved alteret, tida etterpå og kva som leda fram til brotet.

– Eg vart rett og slett dønn forelska i ein mann eg trudde var perfekt, og då han gjekk ned på kne og fridde til meg, lét eg meg rive med og sa «ja». På den tida hadde eg store problem med å binda meg, men eg bestemde meg for å stola på han, seier Sael i ei pressemelding.

Ho har alltid vore interessert i å laga musikk og bryllaupshendinga var det som gjorde at ho valde å satse fullt ut på musikken.

– Tenk deg å verte sviken av den personen du stolar mest på og elskar over alt i heile verda. Det snur livet på hovudet og etterlet deg knust, tom og åleine, og mest av alt audmjuka, seier Sael i pressemeldinga.

Musikk som terapi

Etter hendinga tok Sael umiddelbart grep.

– Eg skjønte fort at eg var nøydd til å fjerne meg sjølv frå situasjonen reint fysisk, så eg pakka sakene mine og bestilte ein billett på første fly til Bali. På flyet gjekk det opp for meg at dette var det beste som nokon gong hadde hendt meg. Eg har alltid vore redd når det kjem til kjærleiken og då eg først satsa knuste alt i grusen. Herifrå kan det berre gå oppover, fortel ho i pressemeldinga.

Etter kvart fann Sael ut at ho kunne snu situasjonen og leve ut draumen sin.

– Eg hadde eit stort behov for å fortelja historia mi og uttrykka tankane og kjenslene mine. Musikken var den perfekte måten å gjere det på.

– Eg har alltid laga musikk, men no var tida inne for å satsa hundre prosent.

Ho seier vidare at musikken har fungert nærast som terapi for henne etter brotet.

– Eg er ikkje redd lenger, det verste har allereie skjedd meg.

LES OGSÅ: –Vårens vakraste eventyr

Ærleg indiepop

Musikken til Sael vert skildra som vakker, melankolsk og frigjerande ærleg indiepop. Sael har ingen problem med openheit rundt eigne livserfaringar.

– Gjennom musikken prøvar eg å formidle både humor og blodig alvor. For meg handlar det om å vere ærleg og visa alle sider av meg sjølv, også dei sidene som gjer meg pinleg berørt. Eg dummar meg ut både titt og ofte, men eg likar å vere open om det. Det gjeld jo oss alle. Alt er lov i krig og kjærleik, seier Sael.

LES OGSÅ: Har store ambisjonar

Norgesturné

I anledning albumlanseringa har Sael no starta ein norgesturné som varar ut mai månad. Torsdag spelte ho på Chagall i Bergen og skal seinare spele tre konsertar i Oslo før Trondheim, Mandal og Hamar avsluttar turnéen.

Ein av konsertane i Oslo er den norske finalen i musikk-konkurransen Emergenza som er ein internasjonal konkurranse for usignerte band og artistar. Denne vert halden på Rockefeller i Oslo laurdag 09. mai.

Albumet vart spelt inn i Tønsberg med Gisle Saga som speler fleire instrument og er produsent, Stian Hagen på trommer, Michael Markussen på gitar og Iselin Haga på backing vokal. I tillegg vert Filip Ek med som livegitarist og pianist på turnéen.

I tillegg til albumslepp og turnéopning vart også musikkvideoen til singelen «So Different» sleppt torsdag.

Artikkeltags