Rune Alver har vore stamgjest på Bergen bibliotek og Nasjonalbiblioteket på jakt etter materialet. No er den eminente pianisten klar med resultatet.

Rune Alver viser nok ein gong mot og vilje til å trekkja fram ukjende sider av musikkarven vår. Med CD-en «Et kjærlighetsdikt» har vår svært så anerkjende pianist gravd fram og spelt inn verk av den norske komponisten Catharinus Elling (1858–1942). CD-en byr på klavermusikk som aldri før er spelt inn.