– Ei gåve til Nordhordland

Inspirator: Dirigent Odd Leif Mjøs. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Inspirator: Dirigent Odd Leif Mjøs. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Etter ei «Messias»-framføring som den vi hadde i Knarvik kyrkje sundag før jul, går det opp for oss atter ein gong kva for ei gåve han er, dirigenten og inspiratoren Odd Leif Mjøs.

DEL

På ein genial måte turnerer han kor, orkester og solistar gjennom svære og kompliserte musikalske parti, samstundes som han evnar å løfta fram tekstar og bodskap så syntesen mellom ord og musikk vert synleg. Slikt går nok opp for mange på sjølve framføringa, men for oss koristar og musikarar går vi heile tida frå den eine aha-opplevinga til den andre etter som prosessen skrid fram. Vi oppdagar dei bibelske sanningane på nytt og kan gje dei vidare gjennom musikk som målar innhaldet så å seia note for note – i ei meiningsfull og nyskapande formidling.

LES OGSÅ: Händels Messias i Knarvik kyrkje

Og vi legg merke til at solistane, både dei lokale og dei engelske – dei sistnemnde har sunge under kjende internasjonale dirigentar – gjev til syne stor respekt for vår eigen maestro for tempo-val og tolkingar. Det same gjeld dei profesjonelle musikarane i orkesteret. Odd Leif Mjøs er ein av dei få som kan sameina ei smålåten framferd med tydelege musikalske føringar og heile tida gjera seg forstått. Vi koristar veit dette kanskje betre enn dei fleste – vi som har nærkontakt med han veke etter veke, og som i tillegg kan fryda oss over ein ubetaleleg humor med openberre strilske røter!

LES OGSÅ: Knarvik kyrkje fekk orgel til fem millionar: – Vi er heilt overvelda

Så kjem juledagen og gudstenesta i den same kyrkja, der organisten og kyrkjelydssong-leiaren Odd Leif får utfalda seg. På nytt opplever vi denne evna til å forma musikken i teneste for ord og innhald. Han brukar det nye, fantastiske orgelet på ein nennsom og uttrykksfull måte i salmane og i det liturgiske spelet, og gjennom eigne improvisasjonar vers for vers inspirerer han til gledefylt jubel i veksling med grundande ettertanke. Etter berre nokre veker på dette instrumentet opplever vi eit stødig og feilfritt spel, og særleg imponert vert ein aldrande kollega over den lette og flytande pedalbruken. Ikkje ein einaste liten glipp kan vi ta han i!

Odd Leif Mjøs er ein av dei få som kan sameina ei smålåten framferd med tydelege musikalske føringar og heile tida gjera seg forstått.

Arvid Sakseide

Vi har ein kyrkjemusikar iblant oss som vi skal vera særs takksame for. Og vi trur at han i samspel med kollegaer og stabsmedarbeidarar framleis kan gje nye løft til det musikalske livet her på nordsida av brua. Og berre så de veit det: På sørsida er det mange som legg merke til det han får gjennomført. Dei rettar blikket mot Knarvik, fleire og fleire!

Artikkeltags