– Å ja, den har vi dansa til!

Frivillig innsats og nøgde tilhøyrarar: Astrid Birkeland stiller gjerne opp og legg til rette for konserten. Bebuarane Berte Kvinge og Hjørdis Kvinge sette stor pris på konserten, og ser allereie fram til den neste.ALLE FOTO: EGIL OLSVOLD

Frivillig innsats og nøgde tilhøyrarar: Astrid Birkeland stiller gjerne opp og legg til rette for konserten. Bebuarane Berte Kvinge og Hjørdis Kvinge sette stor pris på konserten, og ser allereie fram til den neste.ALLE FOTO: EGIL OLSVOLD

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

MASFJORDEN: – Det var ein retteleg fin konsert. Me kjende att alle melodiane, og kunne synge med på dei fleste refrenga.

DEL

Det seier bebuarane Hjørdis Kvinge og Berta Kvinge, som hadde ei fin stund torsdag ettermiddag på sjukeheimen i Masfjorden med musikarane frå Meland.

Haakon Aase på trekkspel, Eva Marie Toppe på hardingfele og Kristine Fluge med song, fløyte og rytmeinstrument hadde sett saman eit program med danselåtar, folketonar og gamle slagerar.

Med slåttar av lokale musikarar som Ola R. Midtbø, og vakre viser som «Vårvise i naustet» av Johannes Kleppevik var det eit program med musikk alle kjende seg att i, og hadde eit tilhøve til.

LES OGSÅ: Musikk vekker gode minne

– Gildt å få vera med

– Eg hugsar godt me dansa til «Tango for to», seier Astrid Birkeland. Ho er ein av fleire frivillige som legg til rett for at bebuarane skal få ei fin oppleving.

– Det er gildt å få vere med og stelle til. Alle er med og tek eit tak. Vi har slike tilstellingar om lag ein gong i månaden, så no ser vi berre fram til neste konsert, seier ho.

Trioen frå Meland opna med ein kjend folkemelodi, «Ola Glomstulen». Og tilhøyrarane kunne nynne med på refrenget: For i morgon skal Ola Glomstulen gifta seg. Når dei så følgde opp med Alf Prøysen «..og jinta skulle ut å svinge på seg litt..», var det mange som nikka og kommenterte.

– Å, ja, den har me dansa til!

Kristine Fluge tok tilhøyrarane med attende til 50-talet og «Radio Lux». Inger Jacobsen sin «Møllerens Irene» var ein av gjengangarane i ønskekonserten dette tiåret.

Gruppa runda av med Per Sivle og «Den fyrste song eg høyra fekk..», og fekk fin applaus for konserten.

Artikkeltags