Det er tydeleg at musikk kan få fram minne om det som ein gong var.
På Såta bu og servicesenter har dei hatt jazzkafe ein gong tidlegare. Det var så kjekt at spelemann Jan Helge Alvær vart invitert tilbake.
Bratt læringskurve
Bjarne Foss er og invitert med på jazzkafe, som pårørande. Kona Anna bur på Såtabu.
– Anna budde heime i halvanna år etter ho fekk diagnosen demens. Det var ei tøff tid, med ei bratt læringskurve, seier Bjarne.
– Det er viktig med stort tolmod. Dei som arbeider her er utruleg flinke, eg kan ikkje få rost dei nok, seier han. Og synest det er flott at dei tilsette er opptekne av å laga gode stunder for bebuarane.
– Alt handlar om her og no. Musikken kan framkalla minne frå gamle dagar, og kanskje få fram eit lite smil. Det er alt som betyr noko, seier Foss.
Syng med
Med musikken livnar dei gamle til. Nokre plystrar høgt, andre kjem med glade rop og syng med. Det er tydeleg at musikken gjer noko med dei alle.
Aktivitør Inger Dalland fortel at musikken lagrar seg i kroppen på ein heilt spesiell måte.
– Den lagar ei kjensle som heng i, også etter at sjølve opplevinga er gløymt. Samtidig veit vi at sjølv dei som manglar språk, ofte kan synga med når dei høyrer musikk, fortel ho.
– Eg er utruleg oppteken av å skapa ulike opplevingar for dei eldre. Det skal ikkje vera slik at ein ikkje får oppleva meir, sjølv om ein bur på institusjon.
Den svunne tid
Dei pårørande er alltid inviterte, både til store og små tilstellingar.
– Det er godt å sjå at Anna har det bra her, seier Bjarne. Dei har vore gift i 56 år, og det er tydeleg at Anna veit kven ektemannen er. Bjarne fortel at sjølv om sjukdommen er hard, så kjenner Anna dei fleste av sine nærmaste.
– Ho snakkar gjerne om gamle dagar, den tida står levande for henne.
Anna nikkar og smiler litt når ho vert minna på garden ho vaks opp på.
– Det er veldig godt med ein slik time som vi har hatt i dag. Vi har fått fram nokre smil, og ei god kjensle, seier Bjarne før han gir armen til kona si og dei saman ruslar ut av rommet.