Gå til sidens hovedinnhold

Motorsykkel kolliderte med bil på Matre

Det skal ha vore ei trafikkulykke mellom ein motorsykkel og ein bil på E39 på Matre, melder Vest politidistrikt på Twitter. Ulykka skal ha skjedd like etter 14.30.

MC-føraren skal vere bevisst og skadestaden er sikra.

Like før 15.30 melder politiet at alle naudetatane er på staden. Ein luftambulanse tek med seg MC-føraren til Haukeland Universitetssjukehus.

Vegtrafikksentralen Vest melder at E39 mellom Trodalstunnelen og Masfjordtunnelen er stengt etter uhellet.

Like etter klokka 16.00 var vegen open for fri ferdsel igjen.

Kommentarer til denne saken