Gå til sidens hovedinnhold

El-bilsalet til himmels i Nordhordland

Artikkelen er over 7 år gammel

Den elektriske revolusjonen er her.

Talet på el-bilar har auka med heile 27,2 prosent i Nordhordland det siste kvartalet.

Det viser tal frå Grønbil.no.

Tal frå nettsida viser at det framleis er eit beskjedent tal med el-bilar i Nordhordland, men at det er ting på gang.

LES OGSÅ: Elektrisk satsing på el-39

I mars var det 55 el-bilar i Nordhordland og Gulen, medan i juni var det talet auka til 70.

Lindås og Meland er sjølvsagt dei kommunane med flest el-bilar, med høvesvis 37 og 26. Men også Radøy med fem, Austrheim med ein og Gulen med ein el-bil er på kartet.

Isolert sett er det ikkje dei store tala, med tanke på at det er rundt 17.000 personbilar i Nordhordland, men utviklinga er svært tydeleg. Og kvifor ikkje (nesten) alle nordhordlendingar som pendlar til by'n køyrer el-bil er over mi fatteevne.

Kvar dag pendlar mange tusen nordhordlendingar til Bergen for å jobba. Dei køyrer åleine i bilen til jobb, set bilen frå seg og åtte-ni timar seinare køyrer dei heim frå jobb. Dei fleste køyrer truleg mellom tre og fem mil kvar veg.

Spenninga stig i Nordhordland

På vegen står dei i kø fleire plassar. Er det ei ulykke på Hylkje, som skjer med jamne mellomrom, står det kilometerlange køar med pendlarar. Går det utan ulykker kjem ein til Vågsbotn. Der er ein garantert å stå i kø. Dei som skal jobba i sentrum står mykje i kø eller ved lyskryss. Passerer du Danmarksplass og skal vidare sørover står du i alle fall i kø.

LES OGSÅ: Kari sparer titusener

Og du forureinar. Mykje.

Nordhordland har vore og prøvekøyrd den klart mest selde el-bilen i Noreg, Nissan Leaf. Me møtte opp som skeptikarar, men gjett ohm me vart positivt lada etter å ha køyrd rundt seks mil med bilen i bytrafikk og i meir landlige omgjevnader ein fredag føremiddag med trafikkkaos i byen.

Ikkje overraskande er bilen lydlaus og ja, den ser noko spesiell ut. Men herligheit så kjekk den er å køyra.

Me køyrde toppmodellen der ein får det aller meste av utstyr. Og den er ikkje billig.

Rundt 280.000 kroner må du ut med.Men du får ein familiebil som har plass til fem personar og bittelitt baggasje.

LES OGSÅ: Verdi: 120.000.000.000 kroner

Innvendig er bilen i Golf-klassen og ein mann på to meter kan køyra bilen utan problem, sjølv om seta manglar god støtte for lange bein og ryggar. Og tru det eller ei, den opplevest som overraskande sprek samanlikna med kva du forventar av ein el-bil. I alle fall om du ikkje har den i eco-mode. Du gløymer nesten med ein gong at det ikkje er ein konvensjonell bensinbil du køyrer, og då har vel strengt tatt bilen løyst oppgåva si?

Kjøparar frå alle samfunnslag

Og nordmenn har verkjeleg trykt bilen til brystet. Autocenteret i Bergen seier at deira to forhandlarar har til no i år solgt 444 personbilar, av dette er heile 337 den elektriske Nissan Leaf. På same tid i 2012 var det berre 188 el-bilar dei hadde seld. Det tilsvarar ein auke på heile 80 prosent.

På landsbasis er det no rundt 14.462 ladbare bilar per i dag, av desse er 13.800 el-bilar. Det er ein auke på over 5000 frå same tid i 2012.

Og kjøparen er i alle samfunnslag.

– I slutten av 2011 då bilen kom var det dei spesielt interesserte som kjøpte Leaf. Vi solgte ekstremt masse til dei som hadde lest om bilen, og slik var det eit stykke ut i 2012. Men frå midten av 2012 har stort sett alle meldt sin interesse, seier salssjef Daniel Steinfeld hjå Autocenteret.

LES OGSÅ: Behold bilen i fem år

Han seier at dei og har merka ein auke etter at bompengane i Bergen gjekk opp.

Teoretisk sett kjem du eit stykke på veg.

Er forholda perfekte, skal ein Nissan Leaf klara teoretisk sett klara 199 kilometer før den må ladast. Men det er sjølvsagt berre i teorien. Akkurat kor langt du kjem avheng av veret ute og køyrestilen din. Og ikkje minst om du har på klimaanlegget. Og det er her hovudskilnaden mellom ein tradisjonell bensin/dieselbil kjem fram. For det er ikkje berre til å stoppa innom næraste bensinstasjon og fylla på. Det krever litt meir planlegging enn som så.

Då Nordhordland overtok bilen i Åsane hadde den 95 prosent batterikapasitet, men alt då me var komen til Landås var kapasiteten nede på 80 prosent.

– Nissan garanterer at batterikapasiteten skal vera hundre prosent dei fyrste fem åra. Etter det kan dei gå ned til 70 prosent har Nissan sagt, seier Steinfeld.

LES OGSÅ: Verdens raskeste elbil

Leaf har lenge fått vera åleine på el-biltrona, men dette året kjem det stadig fleire el-bilar på marknaden. Mellom anna Tesla, BMW I3 og Volkswagen UP!

Så får ein sjå om el-bilsalet held fram med å auka i same takt i Nordhordland dei neste åra.

LES OGSÅ: Elbil-korridor blir opna