Du er med på å påverke omgjevnadene dine kvar dag, kvar time og kvart minutt. Med det du gjer og det du ikkje gjer. Du gjer heile tida val om korleis du vil reagere på andre menneske, og du gjer val om korleis du vil oppføre deg. Vi som arbeidar i ungdomsskule har sett det lenge – ungdom gjer mange gode val!

UngData-undersøkingar og andre elevundersøkingar viser mykje positivt kring norsk ungdom. Fleirtalet av elevane fortel at dei har det bra, at dei er fornøgde med foreldra sine og skulen sin, at dei har vener og trur på framtida. Samstundes er det negativ utvikling på nokre områder, blant anna aukar talet på ungdomar med psykiske plager. Det er også mindre framtidsoptimisme enn det var før, og cannabisbruk og ungdomskriminalitet/vald aukar.

Tida ungdom brukar foran ein skjerm aukar også. Vi veit at mykje av tida både vaksne og ungdomar nyttar med skjerm er til positive aktivitetar – vi held kontakt med kvarandre på sosiale media, vi held oss oppdatert på nyhende og arbeidar med til dømes med lekser og jobb. Men auka skjermbruk vert også sett i samanheng med auke i oppleving ungdom har av å vere einsame. Er det verkeleg det same å vere saman digitalt som å vere fysisk saman? I skulen ser vi at konfliktar, misforståingar og mobbing ofte blir verre når den skjer digitalt. Vi ser også at ungdom som har det vanskeleg oftast også er med på, eller blir utsett for, negative ting digitalt. Det er i gjennomsnitt 21,8% ungdomsskulelevar i Noreg som rapporterer å vere mykje plaga med einsemd. I Alver-kommunane ligg snitt-talet for rapportert einsemd faktisk over det nasjonale snittet (jf. http://www.ungdata.no ). Kvifor er det slik?

Helsesista med føredrag for unge: – Eg tek dei veldig på alvor

Det er nok vanskeleg og komplekst å forstå utviklinga. Ingen trur det er realistisk å pakke vekk mobiltelefonar og sosiale media, vi må henge med i ein digital utvikling som er positiv på mange måtar. Men kan vi kanskje bli meir bevisst i dei vala vi gjer? Kan vi sjå kvarandre inn i augo og snakke saman meir og ikkje stadig sjå på skjermen? Her må vaksne også ta ansvar – kva førebilete er vi for ungdomen når det gjeld å vere skikkeleg tilstades og ikkje sjå ned i skjermane våre? Er vi i tilstrekkeleg grad med på å sjå borna og ungdomane våre?

Vi kan alle gjere noko for kvarandre gjennom dei vala vi gjer kvar dag. Ungdomsprogrammet MOT som har som mål å utvikle robust ungdom som inkluderer alle. På fredag 22.november markerer vi MOT-til-å-glede-dagen. Då freistar vi å gjere ungdomane merksam på at alle kan glede andre menneske. Det gjeld sjølvsagt oss vaksne også!

Kan DU tenke over korleis du kan glede ein annan? Om alle kan gjere litt for eit varmare og meir inkluderande samfunn, kan vi kanskje sjå at oppleving av einsemd går nedover? At psykiske plager blir redusert?

Ta MOT til deg og gjer noko som kan glede menneske rundt deg – eit besøk til nokon som er åleine, hjelpe naboen, gi nokon ein god klem, takke buss-sjåføren for turen eller reinhaldaren for å gjere det fint rundt oss. Eller berre rett og slett eit stort smil til ein du ikkje kjenner så godt? Vi oppmodar alle – både vaksne og ungdom – til å gjere ein innsats for at andre menneske skal ha det bra og oppleve glede. Det er ikkje alltid så mykje som skal til, men det kan bety veldig mykje!

Wenche Rand Øyre, rektor Ostereidet ungdomsskule
Gurid Helene Espe, rektor Lindås ungdomsskule
Morten Olsen Schulstad, rektor Knarvik ungdomsskule
Alexander Kjesæth, rektor Radøy ungdomsskule
Hogne Brunborg, rektor Rossland skule
Hilde Brendehaug Hugaas, rektor Meland ungdomsskule