Mongstadbase kuttar 40 stillingar

KUTTAR: Mongstadbase må kutta inntil 40 personar.

KUTTAR: Mongstadbase må kutta inntil 40 personar.

Artikkelen er over 4 år gammel

Det vert ein kombinasjon av både oppseiingar og permiteringar.

DEL

– Dei prosessane me har gjort viser at me kan ikkje ta inn att så mange som me hadde vore nøydd til å permitera, seier Michelle Williams ved CCB Mongstadbase til avisa Nordhordland.

Som avisa Nordhordland skreiv om i byrjinga av oktober, var det planen at CCB Mongstadbase skulle permitera eit visst antall tilsette. Etter å ha gått nye rundar er konklusjonen at dei også må gå til oppseiingar.

LES OGSÅ: Mongstadbase permitterer for andre gong på eit år

Permiterte risikerer oppseiing og

– Når me kom til eit så høgt tal som 40, skal det jammen meg masse arbeid til for å ta inn alle att, seier ho.

– Det er eit generelt synkande volum og det er for mange på jobb, seier Williams.

Fordelinga av tala er ikkje endeleg, men det ligg an til at 20 personar mister jobben og 20 personar vert permitert.

– Me held på med prosessen no, der vil driftsbilete og skiftordningar spela inn. Me driv på med detaljane no, og forhåpentleg vert det færre enn 20 som mister jobben, seier ho.

– Risikerer dei permiterte også å mista jobbane sine i framtida?

– Det er alltid ein risiko med det. Men målet vårt er at me skal ha så pass med aktivitet som gjer at me kan henta dei inn att. Men om den aktivitetsauken tilsvarar alle 20, det kan me ikkje garantera, seier Williams.

– Er det planar om vidare reduksjonar?

– Me har ingen plan for det nett no, men me kan ikkje avvisa at me må sjå på det, seier ho.

Likevel ser ho på det som vanskeleg å kutta fleire.

– Me kan ikkje gå på akkord med tryggleiken. Me skal driva forsvarleg og ha fokus på å ha ein sikker arbeidsplass, peikar ho på.

– Men kostnadane er for høge, og eg meiner det som er forsvarleg er å sjå på kva ein kan gjera for å redusera kostnadane så lenge me bruker meir enn me tener, seier ho.

Dei kjem til å gå i pluss på Mongstadbase, også i 2015. I 2014 omsette dei for 382 millionar kroner og fekk eit driftsresultat på 21,3 millionar.

– Me kjem til å få eit akseptabelt resultat, seier ho.

LES OGSÅ: «Nedbemanning er ikkje eit tema. Me vil bevara dei arbeidsplassane me har no»

Ro-ro-kai

Williams seier at ho ser på 2016 som eit år der ein etterkvart vil merka at ting er i ferd med å snu.

– Men det snur ikkje då, seier ho.

CCB Mongstadbase har ein del planar for korleis dei skal verta meir attraktive når ting snur att.

– Me har ein del prosjekt på gang både med levrandørar, Statoil og infrastrukturen, men ingenting er landa, fortel ho.

Det er planar på papiret for å få etablert ei ro-ro-kai, utvikling og forbetring av ankerhandtering og mellom anna varehotellsløysingar. For det er framleis selskap som vil etablera seg der ute.

– Me har nyleg hatt møter med to-tre selskap som vil etablera seg her. Men dei er usikre på omfanget, då må me ha på plass gode ordningar og effektiv logistikk, seier Williams.

– Har det vore ein tøffare start på tida di som sjef på Mongstad enn du såg for deg?

– Eg har vore her sidan byrjinga av januar, så eg visste eg kanskje måtte gjera dette i byrjinga av tida mi. Eg hadde gjort meg opp ein del tankar, og fekk dei litt ut i live då eg byrja å tenkja. Ein må ta tak der ein ser ein må gjera noko, seier ho.

– Eg tek det ansvaret eg må for å sørga for at kostnadane står i forhold til inntektene, sluttar ho.

Det har ikkje lukkast avisa Nordhordland å få ein kommentar frå klubbleiar Ruben Palmer i saka.

LES OGSÅ: 15 må gå hjå Wellconnection Mongstad

Artikkeltags