Mongstadbase permitterer for andre gong på eit år

MINDRE AKTIVITET: Lite aktivitet grunna dårlege tider i oljebransjen fører til at CCB Mongstadbase no går til det skritt og permitterer tilsette. Kor mange er førebels ikkje klart. ARKIVFOTO: MORTEN SÆLE

MINDRE AKTIVITET: Lite aktivitet grunna dårlege tider i oljebransjen fører til at CCB Mongstadbase no går til det skritt og permitterer tilsette. Kor mange er førebels ikkje klart. ARKIVFOTO: MORTEN SÆLE

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Berre månader etter at rundt 30 stykk vart henta inn att frå permitteringar, må CCB Mongstad igjen ty til permitteringar av sine tilsette.

DEL

– Statoilaktiviteten tilseier auke, men isolert sett er ikkje det nok, seier sjefen på CCB Mongstadbase, Michelle Williams til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Positive, trass alt

– Har for mange folk

Førre veke var ei mørk veke for Nordhordland. Fyrst vart det kjent at Statoil legg vekk planane om å bygga om Statoil Mongstad så dei kan raffinera olja frå Johan Sverdrup-prosjektet, og med det forsvann investeringar for seks-sju milliardar kroner frå regionen. Dagen etter vart det fyrst kjent at Fram Flatøy kuttar 30 stillingar, før det nokre timar seinare vart kjent at CCB Mongstadbase for andre gong på eit år må ty til permitteringar.

– I likskap med resten av industrien så har me litt for masse folk i forhold til det totale driftsbildet, seier Williams.

Kor mange av dei rundt 260 tilsette på Mongstadbase som må førebu seg på permitteringar i førjulstida er førebels uklart.

LES OGSÅ: Nye tider på Mongstadbase

Ventar med oppseiingar

– Me skal bruke denne veka til å sjå på resursbildet i dei ulike avdelingane, seier Williams.

KUTTAR: Etter berre ein månad i sjefsstolen, må Michelle Williams fram med sparekniven på Mongstad. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

KUTTAR: Etter berre ein månad i sjefsstolen, må Michelle Williams fram med sparekniven på Mongstad. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Enn så lenge tyr ho ikkje til oppseiingar.

– Situasjonen er enno uavklart og mange bedrifter sit yttarst på stolen og ventar, seier ho.

For dei reknar med at mange bedrifter vil følga med på lasset no når Statoil flyttar aktiviteten sin frå Ågotnes til Mongstad.

– Det er etableringar me har forventningar og meining om at skal komma, seier ho.

Arbeidsløysetala for september viser at det no er totalt 607 personar i Nordhordland utan jobb. Flest ledige i tal er Lindås med 263 ledige, men rekna i prosent er det i Austrheim det står verst til. Der er 3,8 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid. Det er ein auke på heile 104 prosent samanlikna med eit år tidlegare.

LES OGSÅ: Songa skal tilsetja 120 personar i månaden dei neste ni månadane

– Laber stemning

Dei totale arbeidsløysetala vil truleg stiga ved neste offentleggjering.

Fagforeiningsleiar Ruben Palmer seier til avisa Nordhordland at stemminga blant dei tilsette er heller laber for tida.

– Det er berre trist. Men om me ser rundt oss på dei andre bedriftene har dei hatt det verre. Men det nærmar seg jul no og det er usikkert for mange, seier Palmer.

LEDIGGANGEN STIG: Det er no 607 heilt arbeidsledige i Nordhordland. Dei tala vil stiga den kommande tida.

LEDIGGANGEN STIG: Det er no 607 heilt arbeidsledige i Nordhordland. Dei tala vil stiga den kommande tida.

Han peikar på at mange nett har komme tilbake frå permitteringar også.

– Dei som var permittert sist er mest utsett denne gongen også. Det ligg i korta, seier han.

Men han understrekar at ingen lister med namn er klare enno.

LES OGSÅ: Bygger ut tomteland for millionar

– Totalsummen avgjer

Williams forklarar inntaket av folk i sommar med bakgrunn i aktiviteten, sommarferieavvikling og oppstarten på ei ny kontrakt.

– Men når me no har fått landa det og sett på det totale bildet ser me at aktivitetane har endra seg på dei andre basetenestene, seier ho.

– Og det er totalsummen av dette som gjer at me må gjera dette igjen, seier ho.

LES OGSÅ: Slik skal Mongstad verta verdas største forsyningsbase

Artikkeltags