Fekk beste karakter

BESTO: For Henrik Fanebust frå Mongstad var TAF-utdanning vegen å gå. Med kombinert skule og læretid hos Caverion på Mongstad har han no bestått fagprøven med beste mogleg karakter. FOTO: PRESSE/CAVERION

BESTO: For Henrik Fanebust frå Mongstad var TAF-utdanning vegen å gå. Med kombinert skule og læretid hos Caverion på Mongstad har han no bestått fagprøven med beste mogleg karakter. FOTO: PRESSE/CAVERION

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

For Henrik Fanebust frå Mongstad var TAF-utdanning vegen å gå. Med kombinert skule og læretid fekk han no beste karakter.

DEL

Fanebust har vore TAF-elev som platearbeidar, og fortel at han har hatt ein god miks av teori og praksis de siste fire åra.

Samanlikna med det å vera vanleg lærling som ønsker studiekompetanse etter fullført fagbrev 4+1 år, gjer TAF-elevane unna sitt utdanningsløp på eit år mindre.

– Det blir stilt store krav til karakterar, men også motivasjon, og nålauga er trongt. Etter fire år har eg no både studiekompetanse og fagbrev og kan gå direkte vidare på ingeniørstudiet, seier Fanebust.

Den ferske platearbeidaren bestod i sommar fagprøven med karakteren «svært godt», og angrar ikkje eit sekund på valet sitt.

– Vegen vidare kan ta mange retningar, men frå januar neste år skal eg avtene verneplikt, seier han.

Ny læretid for kollega

Hans kollega, Tonje Holmås Kvalheim, som fekk same karakter på sin fagprøve som sveisar, har gått den «vanlege» vegen med to år på skulebenken før lærlingtid.

– Det er mange vegar til målet, så alle må berre finne den stien som passar best, seier ho.

Kvalheim har utmerkt seg som eit talent innan sveising, og deltok på Yrkes-NM i sveisefaget. Sjølv om ho no er fagutdanna som sveisar skal ho byrja ny læretid til hausten.

– Eg ønsker å utvida ferdigheitene mine så eg har fleire bein å stå på. Så til hausten startar eg som lærling som industrirøyrleggar, fortel ho.

– Det er mange som ikkje veit kor mange valmoglegheiter du har om du tar fagutdanning. Det håpar eg fleire får auga opp for, understrekar Kvalheim.

Viktig å visa entusiasme

HR-ansvarleg hos Caverion på Mongstad, Hilde Sandnes, er stolt av sine to nyaste fagarbeidarar, og synest det er moro å følge ungdommen gjennom læretida.

– Både Henrik og Tonje har gjort ein god innsats helt frå start. De har vist tydeleg entusiasme når de har fått rettleiing av de meir erfarne kollegaene sine, og soge til seg alt av kunnskap.

– Derfor var det jo ein gledeleg nyheit at de begge fekk beste mogleg karakter på fagprøven.

Artikkeltags