LIK AVISA NORDHORDLAND PÅ FACEBOOK
– Det er noko me må diskutera med Statoil, men om dei byrjar å raffinera ein annan plass må me sjå på det. Det er marknaden som bestemmer, seier Vegard Frihammer i Greenstat til avisa Nordhordland.
Torsdag var han i Dampen i Knarvik og fekk ein sjekk på 75.000 kroner frå Sparebanken Vest, under deira årlege utdeling av midlar frå Spinn-fondet. Pengane skal dei bruka til innkjøp.
LES OGSÅ: Desse stakk av med fleire hundre tusen kroner
– Får løyst oppgåver
– Med desse midlane får me løyst ein del oppgåver. Me har ein del innkjøp som må gjerast, og som no gjer at me kan tenka meir heilskapleg, seier han.
Greenstat har sitt utgangspunkt i forskarmiljøet hjå Christian Michelsen research, og skal vera eit selskap som bygger grøne forretningsmiddel og skal tenka stort.
– Fornybartenkinga i Noreg har vore på putlenivå til no, det har vore for mykje småskalatankegong, seier Frihammer.
– No har me venta på at Statoil og Statkraft skal ta aktive grep inn mot dette området, men dei gjer det ikkje. Då har me trua på at me skal etablera nye aktørar, seier han.
– Når me har jobba med prosjektet på Mongstad, har det dukka opp ein del storskalaindustrikundar som spør etter hydrogen, seier han.
Men då er det ikkje for energiproduksjon, men som komponent i ulike prosessar.
– Det er spanande for oss, for då får me koplinga mellom produksjon til fornybar energi, men og store uttak som kan bygga store anlegg. Det gjer det spanande i eit industrielt perspektiv, seier han.
LES OGSÅ: Prosjektet er jo veldig ambisiøst
Fleire hundre tilsette
Dei store visjonære planane deira seier at dei skal bygga ein stor fabrikk på Mongstad, som kan få fleire hundre tilsette. Men då er dei avhengige av at Statoil ombestemmer seg og likevel vel å raffinera olja frå Johan Sverdrup-feltet på Mongstad.
– Ein fabrikk på Mongstad kan vera ein game changer i forhold til introduksjon av hydrogen i området.
Men skal dei ha storskalaproduksjon av hydrogen, treng dei nye avgjerder.
– Eg håpar verkeleg at den raffineringsvedtaket til Statoil vert sett i eit nytt lys. Me jobbar opp mot politiske miljø for kanskje å vera med å synleggjera at det kan komma ein grøn komponent inn i prosjektet, seier Frihammer.
Greenstat har jobba med Statoil sidan i sommar, men avgjerda om Johan Sverdrup-olja ikkje skal raffinerast på Mongstad, har sett det heile på vent. Men samstundes er det mogleg at prosjektet kan takast opp att anten av politiske eller økonomiske grunnar.
– Då er det viktig å visa at me kan produsera hydrogen til ei billig penge på Mongstad, levera det over gjerdet til Statoil, så dei kan bruka det som ein grøn komponent i sitt arbeid, seier han.
Hydrogen er noko som det har vore snakka om lenge, men det har stort sett berre vore på snakkestadiet. Men no med den pågåande krisa i olje og gassbransjen, merkar Frihammer ei auka interesse for hydrogen.
– No vert me invitert over alt. Det er stor interesse for hydrogen, seier han.
LES OGSÅ: Beate deler ut ein kvart million kroner
Hydrogenbilar i Knarvik
Og når det samanfall med at hydrogenbilar til fornuftige prisar når marknaden, er det berre positivt slik dei ser det.
Det har tatt lenger tid å kommersialisera hydrogen enn kva ein hadde tenkt i utgangspunktet. Men no meiner Frihammer ting byrjar å skje. Det fyrste dei skal bygga, uavhengig av det som skjer på Mongstad, er ein fyllestasjon for vanlege bilar som går på hydrogen på Danmarksplass i Bergen. Dei er og involvert i eit prosjekt på ferja som går til Valestrand, samt på ein fabrikk i Tyssedal.
Frihammer kjempar entusiastisk for hydrogenbilar.
– Elbilar er supre, men det er tre ting med hydrogenbilar som er betre. Rekkevidda er på 600 kilometer, det tek tre-fire minutt å fylla og vekta på systemet er mykje mindre enn på elbilar, seier han.
Førebels kostar det rundt 90 kroner per kilo hydrogen på fyllestasjonane på Austlandet. Med ein kilo køyrer du ti mil. Men Frihammer trur prisen skal ytterlegare ned.
Men sjølv om det går mot ein stopp i forhold til storproduksjon av hydrogen på Mongstad, kan det verta produksjon i mindre skala i Nordhordland, på ein plass dei meiner er betre eigna.
– Då vert det retta mot transportsektoren, seier han.
Men han ser ikkje for seg nokon hydrogenstasjon i Nordhordland med det aller fyrste.
– Det vert tidlegast i 2017. Og i 2020 har me kanskje eit nettverk over heile landet, sluttar han.