Gå til sidens hovedinnhold

Mongstad må vurderast først

Debattinnlegg Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Hydro, Equinor og Panasonic er på jakt etter tomt til batterifabrikk i Noreg, og dei manglar ikkje friarar.

Då må eg få minna om at i juni er det 50 år sidan Stortinget samrøystes godkjende dei omfattande planane som Norsk Hydro hadde presentert for utbygging på Mongstad. Det mangla ikkje på feite ord: Største industrisaka etter krigen, sa ein. Slik kan statsselskap byggja landet, sa ein annan.

Styremaktene stilte svære mengder elektrisk energi til disposisjon, og selskapet fekk ta over det mange tusen mål store industriområdet som kommunane hadde kjøpt. Eit levande bygdesamfunn med tusenårig tradisjon måtte raserast for å gje plass til alle fabrikkane som skulle inn.

Nokre veker etter stortingsmøtet heldt generaldirektør Johan B. Holthe foredrag i Bergen om det han kalla Mongstadpakken: - No legg me handa på plogen. Ingen veit heilt alt me skal dyrka. Men åkeren vert stor!

Knapt eit år seinare, i mai 1972, kom anleggsmaskinene. Oljeraffineriet var første byggesteg, spesiallaga for å kunne levere råstoff til fabrikkane som etter kvart skulle byggjast. Men magnesiumfabrikken er i Canada, oksidfabrikken er bygd i Brasil, gjødselfabrikkane står i Qatar.

Ein vakker dag kom Hydro-toppane til Bergen for å fortelja om nye, store petrokjemiske fabrikkar. Fylkesmann Lars Leiro ramla omtrent av stolen då han høyrde at fabrikkane vart plassert i Telemark. Då Stortinget drøfta Mongstadutbygginga, var alle fabrikkane med på planen der. Leiro brukte seinare uttrykket løftebrotkonsernet om Hydro. Og midt på 80-talet selde Hydro seg ut av raffineriet, og forlet Mongstad med rova mellom beina.

Nokre år seinare var Egil Myklebust ny Hydro-topp. Han sa til fylkesmann Svein Alsaker at dersom konsernet nokon gong tenkte på ei nyetablering i Hordaland, då skulle alltid ein tomt på Mongstad vurderast først.

Sidan Hydro forsvann frå Mongstad, har Statoil rådd grunnen åleine, og gamlesjef Arve Johnsen sa gong etter gong at området var strategisk vitalt for selskapet – kva han no meinte med det. Oljeraffineriet er utvida, oljeterminalen har kome i tillegg. Men mykje av raffineriet tek til å bli gamalt, det er overkapasitet på raffinering og marginane er dårlege. Så har gamle miljøsynder dukka opp. Equinor skal rydda, men raffinerifolk har sagt at ei opprydding kan kosta fleire milliardar kroner.

Raffinerifolk reknar også med at det før eller seinare vil koma skjerpa og svært dyre krav for å få ned Co2-utsleppa frå ein av dei største forurensarane i landet. Er det så sikkert at selskapet vil ta desse kostnadene? Om ikkje, er raffineriet i stor fare, og då taper distriktet hundrevis av arbeidsplassar.

Austrheim og Alver tilbyr tomt til batterifabrikken på Mongstadområdet, og meiner at alle krav som utbyggjaren har sett opp er oppfylt. Nokon bør difor gjera det svært klart for dei relativt nye konsernsjefane i Hydro og Equinor at begge selskapa har ei fortid på Mongstad. Dei bør gjera det generaldirektør Myklebust sa for 25 år sidan: Vurdera Mongstad først. No kan løftebrota rettast opp.

Les også

Kjempar om 2000 grøne arbeidsplassar til Mongstad

Les også

Det grønne sviket

Les også

Fylket speler inn ti kommunar i kampen om batterifabrikken

Kommentarer til denne saken