Køyrde i hel fleire sauer - stakk frå åstaden

DEL

Kvart på elleve, søndag føremiddag, vart ein bonde kontakta etter at ein bilførar oppdaga fire ihelkøyrde sauer inne i Slottsporten-tunnelen i Modalen.

Påkøyrselen skal ha skjedd inne i den 950 meter lange tunnelen og det ligg fleire bildeler på staden. Politiet meiner det skal kunne føra dei til rett køyretøy under den kommande etterforskinga.

– Me vil gjerne ha tips i saka om nokon har kjennskap til hendinga eller har gjort observasjonar av køyretøy som er påført skade og har vore i aktuelt område, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrik, Frode Kolltveit, til avisa Nordhordland.

Politiet kan kontaktast på telefonnummer 02800.

Artikkeltags