Gå til sidens hovedinnhold

Vertsskapet på Mobryggja sluttar

Artikkelen er over 3 år gammel

– Frå oktober er det slutt, då set me kursen mot andre destinasjonar, seier Gudbjørg og Egill Kristjansson ved Mobryggja.

Det skriv avisa Hordaland på Voss.

Dermed er litt over ni år i Modalen slutt. Kva dei skal ta seg til no er dei ikkje sikre på, men både Italia, Frankrike og Island står på lista over alternative plassar.

– Me har den siste gruppa i slutten av september, så er det over. Vemodig, ja, men tid for å sjå oss om etter noko nytt. Livet er så kort, seier Egill Kristjansson til avisa.

Kommentarer til denne saken