Skreiv ut ti fartsbøter

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Fredag ettermiddag stilte UP seg opp inni Eikefet-tunnelen og sikta med laser på dei som køyrde nordover.

I løpet av den tida dei stod der, fekk dei fangst.

– Det vart skrevet ut ni forenkla forelegg samt at ein mista førarkortet sitt då han vart tatt i117 km/t i 80-sona, seier operasjonsleiar Morten Kronen ved Vest politidistrikt til avisa Nordhordland.

Noko seinare stilt dei seg opp ved avkøyringa til Modalen. På den halvtimen dei stod der, mellom klokka 21 og 21.30 gav dei ei bot til ein bilist som køyrde for fort.

Artikkeltags