Modalen set studentar i karantene

Modalen kommune tek fleire førehandsreglar, og ønsker frivillige til å hjelpe til.

DEL

I ei pressemelding frå Modalen kommune skriv dei at det har blitt tatt ein del prøvar den siste veka på mistanke om koronasmitte. Så langt har alle vist seg å vere negative.

Kommunen minnar om at sjølv om situasjonen er slik no, kan den raskt endre seg.

"Ei vanleg forkjøling kan vere koronasmitte – difor oppmodar me alle om å vere heime om de har symptom med nyoppstått sår hals, hoste, feber eller tungpust. Oppsøk kun helsetenesta – på telefon - ved dårleg allmenntilstand og alvorlege plager", skriv dei sjølv.

Dei rådar også til å følgje FHI sine reglar, og oppmodar folk til å halde seg i ro og unngå unødvendige reiser.

"Ikkje samle ungar saman - ha heller èin leikeven gjennom perioden om det trengs. Det er betre å møtast ute enn inne. Hyttefolk blir oppfordra om å reise heim", held dei fram.

Restriksjonar for studentar

Dei peikar på at der er meir smitte i dei store byane, og for å hindre smittespreiing i Modalen er det sett i verk restriksjonar for studentar og elevar som kjem heim frå studier andre stader. Dette vart sett i verk søndag 15. mars klokka 16, og har tilbakeverkande kraft frå heimkomstdato etter 11. mars.

Konkret vil dette seie at dersom du har vore i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Viken, eller kjem frå skular som vart stengt grunna smitte før allment stengepåbod, skal du i heimekarantene 14 dagar frå den dagen du kom til Modalen.

Helsepersonell og personar med samfunnskritiske stillingar må òg innrette seg sånn at dei unngår å bli indirekte ramma av desse retningslinene. Det betyr at ein må prøve finne alternativ innlosjering til besøkande eller familiemedlemer som kjem frå områder som utløyser karantene.

Treng frivillige

Spesielt dei som har helsefagleg kompetanse ønsker kommunen å kome i kontakt med. I tida framover treng dei frivillige til ulike oppdrag, og oppfordrar dei som har moglegheit til å melde seg til kommunen på mail: postmottak@modalen.kommune.no.

Her treng dei telefonnummer, mailadresse og nokre ord om kva du kan hjelpe til med, også ikkje-helsefagleg.

"Ei liste over frivillige kan vere gull verd når det blir meir press på tenestene og behovet aukar", skriv dei i pressemeldinga.

Vidare opplyser dei om at tenestene ved helsesenteret blir tilpassa situasjonen landet er i. Ein del rutinekontrollar vil bli tatt over telefon, og ein del kontaktar vil bli per telefon. Dersom det er naudsynt ser dei ikkje vekk ifrå å bruke videokonsultasjonar.

"Kapasiteten kan bli sett på prøve, og me oppmodar om å kontakte oss kun når det er heilt naudsynt. Ingen med forkjølelse skal inn på venterom. Me skal så langt råd halde fram med nødvendige undersøkingar og kontrollar som er oppsett. De får beskjed ved avlysingar."

Telefonen vår 56599040 er open alle kvardagar i veka frå 08-16. For å avlaste telefon-tenesta, ynskjer kommunern at sms-tenesta blir nytta.

Send til 2097: MODALEN fødselsdato, ditt navn, kort informasjon (Unngå sensitiv informasjon)vKr. 6,- per mottatt melding. Du kan også gå inn via hiemesida: www.modalenlegekontor.no. Her kanvdu bestille time, fornye reseptar og også lese om Korona-smitte.

"Me opplever stor forståelse for situasjonen mellom folk i Modalen. Det er krevjande tider for alle – med nye kvardagar. Me oppfordrar til omtanke og tolmod med kvarandre – så kjem me oss lettare gjennom dette."

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken