Denne saka stod på trykk i avisa Nordhordland 14/12-2013

Det hårreisande utsagnet fekk ungjenta Astrid Aarhus slengt i seg at to godt ansette personar i hennar nærmiljø. Også andre utsegn frå uforstandige vaksne måtte kemnar-dotra tola.

– Pappa var politi, og omskulerte seg til kemnar. Ein utruleg tøff jobb i eit bygdesamfunn, seier ho.

Då faren døydde brått under reinsdyrsjakt på fjellet, vart alt kaos i 18-åringen.

– Då kom denne typen utsagn tilbake. Kva var det som tok livet av han? Alt rørte seg inni meg, seier ho.

LES OGSÅ: Kvar månad vert fleire hundre elevar mobba på skulane i Nordhordland

Fordi ho var skuleflink

Lindås-ordføraren har kjent på kroppen kva det vil sei å bli erta og plaga på skulen- ikkje fordi ho var annleis eller hadde andre klede enn medelevane.

– Eg var flink på skulen, gjorde lekser og likte skulearbeid. Mange i klassen likte ikkje det, og eg vart erta, seier ho.

– Eg forstår godt dei ungane som tilsynelatande har det greit, men ikkje har det inni seg. Dei er flinke til å skjula og halde det for seg sjølv. Det gjorde eg og.

– Når eg vart utsett, lest eg som eg nesten besvimte. Då var dei redde og sprang, medan eg vart tatt inn på lærarrommet. Men ingen spurte kvifor.

– Kven var det som mobba?

– Det var alle slags elevar, det hadde nok med heile samansetjinga å gjera, både i forhold til far min sin jobb og det at eg flytta frå ein skule til ein annan då eg var nesten 9 år. Det var då det starta, og det fortsette inn i ungdomsskulen.

– Eg hadde nokre vener som eg hadde tillit til, og i korpset var det berre kjekt å vera. Det var i skuletida ertinga pågjekk.

– Men då eg kom på musikklinja på vidaregåande i Haugesund, då blomstra eg - med heilt nye vener, seier Astrid.

LES OGSÅ: «Berit» lev med eit sår på sjela – Vart mobba i 30 år

Hemn og uforstand

Det var ingenting som heitte klasseforeldremøte eller elevsamtalar den gongen.

– Eg skjøner at ungar ikkje seier så mykje. Dei er redde for at det blir verre, at nokon tar hemn, seier Astrid. Ho er klar på at dette er eit vanskeleg, men likevel veldig viktig tema å gå inn i.

Som ordførar opplever ho at foreldre tar kontakt, dei har fått vedtak om at det skal setjast inn tiltak for å få slutt på mobbinga, men det skjer ikkje noko.

– Fleire opplever at læraren gir tilbakemelding om at han/ho forstå kvifor det blir mobba. Det er ikkje bra, seier ho.

LES OGSÅ: Ordføraren: – Historier som «Berit» si gjer alltid inntrykk på meg

Null-toleranse

– Alle skulane i Lindås er med på manifest mot mobbing. Og mobbing har vore tema blant einingsleiarane. Men sjølv om vi har fokus på tema i Lindås, skjer det likevel mobbing. Også blant vaksne, seier Astrid og fortel at det og er folkevalde som vert mobba om dei ikkje stemmer slik bygda vil.

Vi må ha null-toleranse overfor mobbing, men det krevst hard jobbing i alle ledd, seier ordføraren. Ho har stor tru på MOT-programmet, og fortel at ho og har fått tilbakemelding frå mange unge som seier det har gjort dei meir bevisste på å sei ifrå når noko blir plaga.

Det synest eg er flott, for det er ikkje greit at vi skal ha det sånn at nokon vert mobba. Elevane skal ha det trygt og triveleg på skulen, seier Astrid Aarhus Byrknes.

LES OGSÅ: Ida skreiv stil om mobbing