Mjølkebonde Ove Holmås fryktar for framtidas gardsdrift på Vestlandet: – Det er ikkje forhold for å drive med åkerdrift

Etter nær 40 år med mjølkeproduksjon har Alver-bonde Ove Holmås bestemt seg for å selje mjølkekvoten. – Vi kjem til å halde fram med sau, men ikkje med kyr lengre. Det er med tungt hjarte at vi gir oss med det, seier Holmås.