Misjon på flyttefot – Opnar ny butikk på torsdag

FLYTTESJAU: Karl Magnus Valle (t.v), Audun Romarheim (bak) og Audun Askeland kjem med sofaen som passar perfekt i kaffikroken.

FLYTTESJAU: Karl Magnus Valle (t.v), Audun Romarheim (bak) og Audun Askeland kjem med sofaen som passar perfekt i kaffikroken.

Artikkelen er over 4 år gammel

NMS-Gjenbruk har for lengst vakse ut av lokala sine. Etter solid dugnadsinnsats er dei frivillige klare torsdag med ny butikk tett ved E39. Randi Bjørlo

DEL

LIK AVISA NORDHORDLAND PÅ FACEBOOK

Det er hektisk aktivitet i Coop sine lokale i Kvassnesvegen i Knarvik denne tirsdagen. Det er ikkje matvaregiganten som skal inn, men handel vert det likevel når NMS-Gjenbruk opnar dørene til 370 rutemeter med butikk torsdag middag.

– Vi har 40 frivillige i aksjon, som har pussa opp lokala og no er i ferd med å få flytta frå dei gamle lokala våre og opp hit, seier Kari Skår Sørheim. Ho legg til at det er ein del logistikk som skal til for å få ein slik flytte- aksjon i hamn. Sjølv om dei er langt frå ferdige, forsikrar ho om at butikken skal vera klar til nyopning som planlagt.

LES OGSÅ: Med "Gjenbruken" som inspirasjon

God boltreplass

Med så store lokale er det enklare å få vist fram alt det fine dei har. I tillegg har dei fått på plass ein eigen kaffikrok, eige rom til barneutstyr, til bøker, til stoff og gardiner, og til vareprising, pluss 60 kvm møterom på loftet.

– Vi er veldig fornøgd med plasseringa av butikken vår, og med 20 parkeringsplassar utanfor. Her blir vi lagt merke til på ein annan måte, og her skal kundane finna alt frå småting til antikvitetar og fine møblar, seier Sørheim som har håp om at dei skal auka omsetnaden frå dagens rundt 700 000 kroner.

LES OGSÅ: Siste dag for gjenbruken

Lysstumpar frå slottet

Turid Øygard, gjenbrukskonsulent i NMS er på besøk i innspurten. Ho fortel at NMS sine i alt 48 butikkar omsette for 33 millionar i fjor, og at mange av dei no veks ut av lokala sine, slik butikken i Knarvik gjer.

– Ikkje alle veit at vi har eige lysstøyperi, Knausen lysstøyperi i Melhus, der lysa som vert selde kjem ifrå. Her kjem det inn lysstumpar frå heile landet, og forrige veke kom det fem store sekkar med lysstumpar frå slottet, som vert smelta om til nye lys, fortel Øygar.

Ho legg til at slettes ikkje berre misjonsfolk er blant dei par tusen frivillige som er i aksjon rundt om i landet.

– Det å kunna bidra som frivillig har noko med helse å gjera også, seier ho.

I morgon opnar varaordførar i Lindås, Nina Bognøy den nye butikken i Kvassnesvegen.w

LES OGSÅ: Stengjer gjenbruken i Kjevikdalen