Mira Nesse Hermansen (14) spelar for NBK J14. Denne sesongen har ho i snitt scora meir enn 3 mål kvar einaste kamp, og totalt 30 mål i løpet av sesongen.

– Eg er kjempenøgd med det! Eg trudde ikkje det kom til å ende så bra som det gjorde.

Ho trudde laget kom til å liggje midt på tabellen, og er litt overraska over kor bra det har gått.

– Det har vore ein heilt fantastisk sesong! Laget har gjort ein kjempeinnsats, og det har vore skikkeleg betring utover hausten.

Nesse Hermansen legg til at moralen og stemninga i laget har vore god, og at spelarane løfter kvarandre opp.

Ho veit akkurat kva som er ambisjonane for framtida hennar i klubben. Hennar største draum er nemleg å spele på damelaget til NBK.

Sterk utvikling

Både trenarane og spelarane har hatt ein heilt fantastisk haust med sterk utvikling i andredivisjon, ifølge hovudtrenar Øyvind Kjørlaug.

– Vi har fokusert veldig mykje på samhald denne sesongen. Spelarane hjelp kvarandre bli betre. Det har gitt dei lyst til å jobbe meir.

Han fortel at spelarane tek med seg lærdom frå treningar inn i kampar.

– Jentene har gjort gode løft, og for ein trenar er det utruleg kjekt å sjå. Når vi ser svakheiter på kampar, så trenar vi og blir betre til neste oppgjer.

Eitt tap, men sigra resten av sesongen

NBK J14 fekk ein sterk start på sesongen med fleire sigre. Mot slutten, hadde dei berre tapt ein kamp.

– Målet var at vi skulle liggje og krige mellom midten og toppen av tabellen. Men vi hadde ikkje sett for oss at vi kom til å vinne heile greia! Desse bylaga vi spelar mot pleier å vere rimeleg sterke, seier han.

Hovudtrenaren hugsar spesielt ein avgjerande kamp i sesongen.

Då møtte NBK hovudkonkurrenten i andredivisjon, Flaktveit/Hovding på Seim.

– Vi slo dei 4–1 i den kampen, og det var absolutt eit av høgdepunkta i sesongen. Alt saman klaffa berre. Det var det einaste tapet til Flaktveit/Hovding denne sesongen.

NBK tapte også ein kamp, i eit lokaloppgjer mot Radøy Fotballklubb.

– Korleis skal dykk feire dette då?

– NBK pleier å ha ein bankett mot slutten av året, der klubben feirar alle laga sine. Den kjem nok ein gong i byrjinga av desember. Så då satsar eg på at vi får litt ros, seier han og held fram:

– Vi er sjølvsagt veldig stolt over spelarane våre, og kva dei har fått til i haust. Heile laget har hatt ein sterk utvikling.

Møtte opp for å sjå kampen til konkurrenten

Mot slutten av sesongen var det heilt jamt mellom dei to laga frå Flaktveit og Nordhordland. Om Flaktveit/Hovding vann den siste kampen sin i serien, måtte dei framleis vinne med seks mål meir enn motstandaren for å ta igjen målforskjellen til NBK-jentene.

Det blei såpass spennande at fleire NBK-spelarar møtte opp på Flaktveit for å sjå kampen til hovudmotstandaren.

– Dei vann 4–1. Det var utruleg spennande! Eg var ikkje med sjølv, men eg fekk oppdateringar heile vegen frå medspelarane om korleis det gjekk, seier Nesse Hermansen.

Etter dommaren blåste i fløyta, vann NBK serien med 24 poeng etter ni kampar og +38 i målforskjell.

Flaktveit/Hovding hadde like mange poeng, men med +35 i målforskjell kom dei på andreplassen i serien.

– Når vi vinn serien, er det mogleg å rykke opp til førstedivisjon, medan det også er vanleg å danne ein pulje av dei beste laga frå andredivisjonane, seier Kjørlaug.

NBK J14, har no moglegheita til å melde seg opp til førstedivisjon, men dei har ikkje kome til ei avgjerd om dette enno.

– Det er kjekkare å spele i toppen av andredivisjon enn å krige om midten i førstedivisjon. Vi har ikkje bestemd oss enno, men vi ser for oss å fortsetje i andre. Trenarane og spelarane kjem nok til å ta ei avgjerd om dette saman.