Minnesmerket over Karl Nesfossen avduka: – Så godt at dei som hjelpte far òg vert hugsa
Artikkelen er over 1 år gammel
Ein stor dag for familien. Ein viktig dag for bygda. Minnestøtta over krigshelten Karl Nesfossen vart avduka søndag føremiddag. På dagen 77 år etter at han kunne leggja ned våpena; kampen mot den nazistiske okkupasjonsmakta var vunnen.