Minneord: – Takk for den store innsatsen din

Kåre Eide var ein viktig bidragsytar både ved utbygginga av skulane på Ostereidet og anlegga for idrettslaget, skriv Stanley Hauge i dette minneordet på vegner av Eikanger IL.

Kåre Eide var ein viktig bidragsytar både ved utbygginga av skulane på Ostereidet og anlegga for idrettslaget, skriv Stanley Hauge i dette minneordet på vegner av Eikanger IL. Foto:

Av

Minneord Kåre Eide

DEL

Kåre Eide, Ostereidet, døydde tysdag 14. august, vel 80 år gamal. Han vart bisett frå Ostereidet kyrkje tysdag 21. august.

Kåre utdanna seg som lærar på Stord. Etter nokre år som lærar på Lindås, vart han i 1967 rådgjevar ved Ostereidet ungdomsskule. Seinare var han rektor ved skulen fram til han pensjonerte seg i 2000.

Frå han var med på å starta Eikanger IL i 1952 og like fram til det siste har han vore aktiv i og for laget.  Ein grunnpillar og ei drivkraft i Eikanger IL er gått bort.

I tillegg til arbeidet sitt i skulen og innsatsen for idrettslaget, har Kåre delteke i mykje anna i bygdene våre og kommunen. Han har vore i kommunestyret og formannskapet for Høgre, eldrerådet, aktiv i pensjonistlag og songkor for å nemna noko. I tida si på Lindås fekk han fart att på skulemusikken der.

Kåre Eide var ein viktig bidragsytar både ved utbygginga av skulane på Ostereidet og anlegga for idrettslaget. Kåre stilte opp, tok tak og inspirerte. Han hadde ei eiga evne til å trekkja andre med. Han gav ros, støtta og muntra oss opp. Dette gjorde han også at han var svært godt likt av elevar, foreldre og folk flest i bygdene der han verka.

I ungdomsåra var han ein god sprintar med 11,2 på 100m. I 1955 tok Kåre laget sitt første KM-gull nettopp på 100m. 60m-tida hans på 7,2 same året er enno klubbrekord i 17-årsklassen. I idrettslaget si styring tok han mange tak. Leiar var han første gong i 1964, så 1976-78, 1983 og på ny i 2002-03. I mange år var han sekretær. Uavhengig av formelle verv, så var han alltid der.

I 1977 fekk han Eikanger IL sitt heidersteikn og i 1981 friidrettsforbundet sin diplom for administrativ innsats. I tillegg til innsatsen i idrettslaget var han i 1966-68 nestleiar i Hordaland friidrettskrets.

Kåre vaks opp på Høyland i Lindås og budde der til han som pensjonist bygde seg nytt hus på Ostereidet. I slutten av mai i år tok sjukdomen kraftigare tak i han. Han måtte innom sjukehus, men ville vera heime med kona Kirsten og barn og barnebarn kring seg. Her gledde han seg over utsikta til den flotte naturen i Osterfjorden og all oppmuntring som han fekk frå familien og vener.

Takk for den store innsatsen din, initiativa du tok, inspirasjonen og all støtte og oppmuntring du gav oss.

På vegner av Eikanger IL

Stanley Hauge

Artikkeltags