Den siste av Bjørn West-veteranane i Nordhordland har gått bort

Nils Christian Eknes opplevde trefningar i Stordalen på nært hald. Han var den siste attlevande Bjørn West-medlem i Nordhordland.

Nils Christian Eknes opplevde trefningar i Stordalen på nært hald. Han var den siste attlevande Bjørn West-medlem i Nordhordland. Foto:

Av

Det var med sorg me tok imot bodskapen om at Nils Christian Eknes har gått bort nær 94 år gamal.

DEL

Minneord Nils Christian EknesMINNEORD: Nils Christian vaks opp i Bergen der han som femtenåring opplevde at landet vårt vart okkupert av tyske styrkar. Dette og NS-styret som følgde med, gjorde sterkt inntrykk på han. Han kom tidleg med i illegalt arbeid, og etter kvart måtte han rømma heimanfrå. Han søkte då som mange andre, til Masfjordfjella der han slutta seg til Bjørn West. Der fekk han oppleva godt kameratskap, men også tunge stunder då Bjørn West-styrken vart involvert i kampar med tyskarane.

Nils Christian deltok i kampane og opplevde kameratar som fall. Dette var inntrykk og minne han tok med seg vidare i livet. Nils Christian var eit tidsvitne som kunne fortelja om korleis det var å leva under nazistyret.

Han var oppteken av at me ikkje måtte gløyma denne tida, eller la vera å tenkja at slikt kan skje igjen. Han var såleis aktiv i arbeidet i Nordhordland Forsvarsforeining, og der har me mykje å takka han for.

Nils Christian Eknes fekk i 2015 minnemedalje for innsatsen under krigen.

Nils Christian Eknes fekk i 2015 minnemedalje for innsatsen under krigen. Foto:

Etter krigen utdanna Nils Christian seg til tekstilingeniør. Han var innom fleire verksemder før han vart leiar for PL – notfabrikken I Storsandvik på Radøy. Han busette seg med familien i Knarvik, og me hugsar han som ein engasjert samfunnsmedlem. Han var ofte å treffa i turløypene, og slik heldt han seg i god form.

Nils Christian var ikkje den som stakk seg fram, men han var alltid til stades.

Han støtta opp om lokale arrangement og var ein flittig gjest og støttespelar på bla kaien i Eknesvågen. Nils Christian viste stor interesse for dei personane han omgjekk og møtte på, og han talte vel om andre. Med sin lune og varme veremåte fekk han tillit, og han hadde eit godt handtrykk og eit varmt smil til dei han møtte på.

Me har mykje å takka Nils Christian Eknes for, og me lyser fred over minnet hans.

Astrid Aarhus Byrknes ordførar i Lindås, Jarleiv Haugland leiar i Nordhordland Forsvarsforeining

Artikkeltags