MINNEORD: Det er med stor sorg vi leste at filmskaparen Øyvind Sandberg er død.

Etter at Sandberg blei alvorleg sjuk budde han på Knarvik sjukeheim. Her fekk eg som ordførar møte han fleire gonger, i ulike settinger både ved arrangement i seniorsenteret, og når kommunen fekk offisielt besøk av både statsminister og statsråd.

Øyvind Sandberg tok raskt på seg vertskapsrolla når sjukeheimen hadde slike besøk, og han møtte dei med både ein alvorsprat, men også med glimt i auga. Sjølv satte eg stor pris på å berre møte han, snakke saman, han ville høyre om kvardagen min, kva som skjedde i kommunen, og ved det siste møtepunkt eg hadde med Øyvind så snakka me om sør Amerika og Peru der eg hadde budd i mange år.

Han hadde god kjennskap til landet og viste oppriktig interesse. På den årlige julekonserten som Trond Helland og eg har hatt gjennom mange år på seniorsenteret har Øyvind vore fast tilhøyrar. Når han gav boka si med helsing til meg i desember 2019, gjorde det stort inntrykk på meg, og det var ei stor ære å ta imot den.

Øyvind Sandberg var viktig for kulturlivet i kommunen gjennom mange år. I 2008 mottok han kulturprisen frå Lindås kommune. Det året feira Sandberg 30 års jubileum som filmskapar. Kultursjef Øyvind Stang framheva den gongen at Øyvind Sandberg viste kjærleik til emnene han tok opp i dei mange dokumentarfilmane han laga.

Sandberg var ein stor filmskapar og fotograf. Vi vil understreke at Sandberg hausta stor anerkjenning og fekk derfor ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar for sine produksjonar. Når vi overrakte kulturprisen viste vi spesielt til den sterke historia om eit funksjonshemma par i Bergen gjennom dokumentaren «Kabal i hjerter». Denne filmproduksjonen satte viktige spor etter seg.

Sandberg kom ofte svært tett på menneske og deira lagnad i filmane sine, og slik var det også i filmen «Seile sin egen sjø» og i «Folk ved fjorden». Sistnevnte fekk han Amanda-prisen for, noko som var eit stort øyeblikk for både Sandberg sjølv, familien og heile lokalsamfunnet!

Øyvind Sandberg var opptatt av å dokumentera arbeidsmåtar som var i ferd med å døy ut. Blant anna skildra han laksefiske med sitjenot frå giljene i Osterfjorden. Når han fekk kulturprisen i 2008, sa han bla i sin takketale at han var svært nysgjerrig av natur! Vidare viste han til alle dei som hadde sleppt han til og late han formidla deira liv og kultur. Han understreka at film er teamarbeid, og retta ei spesiell takk til kona, Jorunn Botnen, som ein viktig medspelar i mange år.

Øyvind Sandberg hadde sitt hjarta i Osterfjorden og var glad i naturen, menneska og kulturen. Sandberg sa dette avslutningsvis når han takka for kulturprisen den gong: « Hjarta mitt har alltid tilhøyrd Osterfjorden».Vi kjenner oss privilegerte som fekk møte Sandberg, bli kjent med han, og vi vil takke for alt det han gav gjennom filmar, foto og ord gjennom mange år.

Vi vil takke han for det han gav til lokalsamfunnet og for den gode ambassadøren han var for kommunen og regionen for øvrig. Minnene er mange, og filmane med deira unike historiar lever vidare. I takksemd vil vi lyse fred over Øyvind Sandberg sitt gode minne.

Astrid Aarhus Byrknes
Tidl. ordførar i Lindås kommune

Øyvind Stang
Tidl. kultursjef i Lindås kommune