Gå til sidens hovedinnhold

Minneord om Åmund Låstad

Artikkelen er over 1 år gammel

MINNEORD: Åmund Låstad blei fødd 6. januar 1930 i Lonevåg på Osterøy. Som 21-åring gifta han seg til småbruk på Radøy. Saman med kona si, Randi Mangersnes, fekk han tre born: Britt, Anton og Jostein.

Åmund si yrkesaktive tid fall saman med store endringar i norsk næringsliv. Det blei vanskeleg å livnæra seg av småbruket. Han måtte finna seg arbeid i tillegg. Han var innom ulike industriar: vegbygging, fiskeforedling, raffineri og spennbetong.

Åmund hadde stor omsut for born. Han dreiv søndagsskule i mange år. Og han gjekk frå dør til dør for å samla inn midlar til søndagsskule og barneheimar.

Frå far sin hadde han lært snekkaryrket. Denne kunnskapen ville han bruka til å laga ting som born kunne gleda seg over. Dermed sette han opp snekkarverkstad der han produserte leikar som blei selde gjennom Husfliden i Bergen.

Åmund tok vare på barnet inni seg heile livet. Var det is på Nesvatnet, fann han fram skøytene – også om isen var så tynn at han nærast gjekk på vatnet. Og badesesongen strekte han lenger enn dei fleste. Frå fiolinen hans leika det vakre tonar både til husbruk og møte på bedehuset. Så lenge han greidde å halda fela, øvde han flittig med klang og teknikk.

Det var ikkje berre borna som fekk glede av snekkarverkstaden til Åmund. Bygdefolk og organisasjonar fekk hjelp til å utforma og til å restaurera ting i tre. Åmund kjende seg heime både i kyrkje og bedehus, og laga mange fine ting til desse.

Langt oppe på tårnet til Mangerskyrkja ser me dei kvitmåla spira i eik som strekkjer seg opp over lukene i klokkerommet. På bedehusveggen ser me namnet på bedehuset med sirlege bokstavar, også desse utforma i eik.

Åmund var ein mann med den eine foten på jorda og den andre i himmelen. Han ville at alle skulle få med seg Jesu lovnad: «Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.» Med alle han møtte på sin veg – høg eller låg – ville han gjerne dela denne trua.

Åmund var glad i folk og glad i livet. Han likte å reisa. Han likte å vera stille mot vakkert utsyn. Han hadde ikkje hastverk på vegen mot æva. Der var leikar som skulle lagast og gjevast til neste basar. Der var barneborn og oldeborn han ville sjå veksa opp.

«Evigheita er lang og gleda i Himmelen forsvinn ikkje.», sa Åmund. Han kjente seg ikkje mett av dagar.

Den 21. april 2020 døydde han. I medkjensle med familien minnest vi Åmund Låstad med takksemd.

Kommentarer til denne saken