Gå til sidens hovedinnhold

Minneord for Nils Moldøen

Det var med sorg vi tok mot meldinga om at Nils Moldøen er død, nær 70 år gamal.

MINNEORD: Nils var eit organisasjonsmenneske, han trudde på fellesskapen og kva menneske kunne få til i lag. Han hadde bakgrunn frå politisk arbeid mellom anna i kommunestyret i Odda og fagforeiningsarbeid. Han varein ressurs for kva som helst frivillig organisasjon han valde å engasjera seg i. Målrørsla har vore heldig som fekk glede av hans erfaring og sterke engasjement.

Nils gjorde seg godt kjent med lokallaga i Hordaland Mållag og bidrog til mykje godt vervearbeid etter eit engasjement som reiseskrivar i 1987. Han gjekk inn i styret i Hordaland Mållag, fyrst som skrivar, nestleiar og deretter leiar frå 1991 til 1993. Han var ein sterk talsperson for meir nynorsk i kvardagen, i barnehage, skule, media, arbeids- og næringsliv. Dette var aktive år for Hordaland Mållag. Kampen mot EU-medlemsskap stod sentralt, og fylkeslaget leia an i dette arbeidet i Mållaget.

Nils Moldøen vart vald inn i styret i Noregs Mållag i 1987. Han var styremedlem i fire år, og i 1989 vart han vald til nestleiar i Mållaget. Han var vara for Noregs Mållag i Målpolitisk råd på Det NorskeTeatret frå 2001-2005 og var fast møtande frå 2006-2010. Han tok på seg ei ny runde i Hordaland Mållag både som styremedlem og som leiar midt på 2000-talet. Då me var samla til hundreårsjubileums-landsmøte i Noregs Mållag i 2006, var han ein del av Hordalands-delegasjonen, slik han hadde vore på svært mange landsmøte.

Nils var ei tydeleg stemme i debattane han deltok i. Han kom frå ein sterk organisasjonskultur der ein ikkje var redd for klar tale og skarp debatt, og det kunne nok verka avskrekkande på somme. Nils hadde samtidig evna til å sjå sterke sider og legitime synspunkt hjå motstandarane sine. Han var ein uthaldande, kritisk og kunnskapssøkjande forkjempar for nynorsken, med ein smittande entusiasme, og hadde evna til å laga alliansar på tvers av ulike skiljelinjer. Arbeidet for dialekt og nynorsk hadde ein stor plass i hjarta hans. Når me i mars les i lokalavisa at ungdomane på Fedje har eit prosjekt der dei «jaktar og forskar på Fedje-dialekten», var det som det skulle vera at Nils Moldøen hadde engasjert seg der.

Takk for laget og takk for taket, Nils! No går tankane våre til dei aller næraste.

Synnøve Marie Sætre, Noregs Mållag
Karin Monstad og Bjørg Eli Eide, Hordaland Mållag

Les også

Tidlegare rådmann Nils Inge Moldøen er død

Kommentarer til denne saken