- Trafikk avlar trafikk, og dei nye tilskota vi har fått på senteret har gjort at fleire handlar hos oss.

I 2020 bytte Lindås senter namn til Lindås nærsenter, og gjekk gjennom ein fornyingsprosess der tanken var å ha eit større fokus på lokalhandel og bli meir attraktiv for kundane.

Dagleg leiar Karl-Aage Tvedt i Montem AS, selskapet som eig Lindås Nærsenter, seier at 2021 har vore eit bra år for senteret.

- Eg er veldig fornøgd med året. Butikkane som har vore på senteret lenge har hatt ei fin utvikling, og dei nye tilskota har gjort det veldig bra.

Han trekk fram Europris, blomsterbutikkane og apoteket, som har fått særleg god mottaking frå senterkundane. Nyleg tok avisa ein prat med sistnemnde, som kunne fortelje at dei allereie har utvida opningstidene og tilsett ny farmasøyt sidan opninga i haust.

Færre reiser vekk

Handelslekkasje er eit kjent problem for fleire kjøpesenter. Noko av formålet med den nye profilen til senteret på Lindås var nettopp å hindre at folk på Lindås heller reiste til Knarvik eller Åsane for å handle.

- Noko vi har merka er at folk tenker meir på både miljø og nærleik no. Dei synest at det er positivt å handle lokalt, og unødvendig å reise langt for å få tak i det dei treng, fortel Tvedt, og held fram:

- Koronasituasjonen har gjort at færre reiser til andre stader for å handle.

Senterleiaren har trua på at denne trenden vil halde fram så lenge handelstilbodet er bra, uavhengig av korona.

Ønsker fleire tilbod

Avisa har tidlegare omtalt det sterke ønsket om å få eit vinmonopol på Lindås Nærsenter. I november i fjor vedtok kommunestyret at Alver kommune skal sende ein førespurnad til AS Vinmonopolet om etablering av vinmonopol på Lindås.

Tvedt kryssar fingrane for at det går vegen.

- Vi vil gjerne ha vinmonopol, og har meldt ifrå til kommunen om at det er velkoment hos oss, så den prosessen går sin gang. Vi har også tidlegare vore i kontakt med Vinmonopolet, men om vi får det til er usikkert fordi det er så få etableringar av nye vinmopol.

Vidare kan Tvedt avsløre at senteret har eit ønske om å få inn ein serveringsstad i lokalet der som Sparebanken vest har halde til tidlegare.

- Vi er i dialog med ein aktør, og håpar det er på plass før sommaren. Då er tanken å ha serveringsstad inne, og ei slags uteservering under tak ute på torget.