I ein e-post til Dagens Næringsliv skriv Miljødirektoratet at dei har bedt Vest politidistrikt om å etterforske tre brot på miljøregelverket med sikte på straff.
– Vi ser alvorleg på alle forholda som er avdekka. Vårt inntrykk er at Equinor Mongstad ikkje har hatt tilstrekkeleg aktsemd og merksemd om forureining frå raffineriet, skriv Miljødirektoratet i e-posten.
Miljødirektoratet har den siste tida komme med sterk kritikk av Equinor og forholda på Mongstad etter fleire oljelekkasjar frå det som er Norges største raffineri.
Miljøministeren er kjent med politimeldingar
Ein intern granskingsrapport frå Equinor viser at utsleppa kan ha gått føre seg over fleire tiår. Equinor har samla opp 112.000 liter olje, men har sagt at dei ikkje veit kor mykje som er igjen i grunnen. Dei har sjølv omtalt forholda som uakseptable.
– Eg er kjent med at Miljødirektoratet har politimeldt Equinor Mongstad til politiet for to forhold; for akutt forureining som følge av røyrbrot i fjor sommar, og for utslepp til grunnen frå raffineriverksemda på Mongstad i desember i fjor, skriv klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i eit svar på eit skriftleg spørsmål i Stortinget onsdag.
Det var SVs stortingsrepresentant Lars Haltbrekken som stilte spørsmålet til Sveinung Rotevatn.
Rotevatn: – Svært alvorleg
– Saka om grunnforureining ved Equinor Mongstad er svært alvorleg og har medført omfattande forureining av olje i grunnen. Eg forventar at Equinor ryddar opp i alle forhold som er i strid med forureiningsregelverket, slik at verksemda kan komme raskast mogleg i samsvar med alle gjeldande krav, skriv Rotevatn.
Han skriv vidare at fordi Klima- og miljødepartementet vil vere klageinstans for dei vedtaka Miljødirektoratet eventuelt fattar, så kan han ikkje kommentere saka konkret.
Haltbrekken krev at Equinor no ryddar opp.
– Vi forventar at Klima- og miljøministeren kjem til Stortinget for å gjere reie for kva regjeringa vil gjere for å sikre at Equinor si leiing faktisk tar det miljø- og sikkerhetsansvaret dei har, på alvor, seier Haltbrekken.

18 kubikk olje rann ut i lekkasje på Mongstad

Equinor blir skulda for ukultur: – Økonomi blir sett framfor sikkerheit
