Embla (8) og Lisa (10) gjekk dør til dør for å hjelpe dyra i Australia

Av

I Australia har skogbrannane herja i fleire veker, og tallause dyr har blitt skadd og mista livet. Embla Dyrkolbotn-Brown (8) og Lisa Fjelldal (10) frå Matre i Masfjorden bestemte seg for å hjelpe.

DEL

Veninnene er begge veldig glade i dyr, og er spesielt interesserte i hestar. Dei har lenge ønskt å hjelpe dyr i naud, og har tenkt på fleire moglegheiter, ifølgje Charlotte Moncrieff-Brown, mor til Embla.

– Dei har vore inne på å selje ting, eller å gå dør til dør og spørje om pengar. Det har vore mange planar, fortel Charlotte.

Flaskeinnsamling

Det var då Embla og Lisa såg bilder og videoar av alle dei skadde dyra i Australia, at dei fann sitt første formål.

– Dei ville hjelpe på heilt eige initiativ, og hadde høyrt om andre som samla inn pengar gjennom å pante flasker, seier mor Charlotte.

I vind og regn gjekk dermed jentene frå dør til dør på Matre og spurde om naboane hadde nokre tomflasker til overs. Det var mange som bidrog og var glade for at jentene engasjerte seg, og Embla og Lisa fekk til slutt samla inn åtte store sekkar med pant.

Copyright Bergensavisen, Norway

Copyright Bergensavisen, Norway Foto:

Over tusen kroner

Tomflaskene resulterte i heile 1081 kroner, som veninnene gav til organisasjonen «WIRES-Emergency fund for Wildlife».

Embla sjølv er veldig fornøyd med at dei fekk inn så mykje pengar.

– Eg synest det var veldig bra. Eg trudde vi kom til å få 200 kroner, og så fekk vi over 1000, seier ho.

Sjølv om det var litt skummelt å samle flasker i storm, synes ho det var verd det.

– Eg ville hjelpe å redde dyr, så eg gjorde det likevel, seier åtteåringen til BA.

Håpar dyra får det betre

Når Embla får spørsmål om ho trur donasjonen deira har hjelpt, er det tydeleg at ho har gjort litt research.

– Ja, eg trur at dei som jobber med det får meir pengar til å kjøpe utstyr, som bandasje, mat og vatn til dyra, og då kan dei hjelpe litt fleire dyr, svarar ho.

Charlotte, mor til Embla, er veldig stolt over hva jentene har fått til.

– Dei er også sjølv stolte over å ha gjort ein liten forskjell for dyra. Eg synes det er fint at dei tar initiativ til å hjelpe, seier ho.

Mora legg til at Embla og Lisa planlegg å hjelpe dyr som har blitt utsett for mishandling som sitt neste veldedige prosjekt.

Artikkeltags