Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Tenk å ikkje få lov til å vera med. Vera med på feiringa av 13 års skulegang. Feiringa som du har venta på sidan du begynte på skulen. Feiringa der du får gå med raud dress, vera med vener og dela ut russekort.
Russetida. Russetida er ei tid mange planlegg og ser fram til lenge. Ei tid kor du skal skapa nye minne saman med vener og bekjente. Der me skal kosa oss, drikka og gjera dumme ting saman. For du skal trass alt feira 13 års skulegang.
Kvifor er ikkje russetida slik lenger? Kvifor er det så mange som gruar seg til akkurat denne tida? For mi russetid har ikkje begynt enno, men eg gruar meg allereie. Dette er noko eg veit eg ikkje er aleine om.
Viss du slår opp ordet «russetid» på nett, er det første som kjem opp, innlegg om kor farleg og ekskluderande russetida er. For det handlar ikkje lenger om å få flest russeknutar eller delt ut flest russekort. Det handlar om å etablera den mest populære gruppa, få flest følgjarar på Instagram, best sponsor og finast logo.
Og viss ikkje du er godt nok likt, då får du ikkje vera med. Kanskje du til og med er svartelista - for det er faktisk ein greie. Alt du har gjort og sagt sidan du starta på vidaregåande, vil påverka avstemminga om du får vera med eller ikkje.
Personleg så har eg alltid gledd meg til russetida, heilt sidan eg var lita. Men denne gleda forsvann fort då eg stod aleine, utan nokon å vera med. Og den følelsen ønskjer eg ingen får føla på.
Eg hugsar veldig godt då alt utstyret til russetida skulle bestillast, og eg var i tvil om eg i heile tatt ville feira russetida. For eg hadde ingen eg kunne gå til, ingen eg følte meg heime hos.
Russetida handlar ikkje om å ha det gøy lenger, den handlar kun om å vera best og mest likt. Den inneheld meir eksludering, utestenging og mobbing, enn samhald, inkludering og venskap.
Alle som skal feira russetida, ber på ei felles frykt om stå aleine. Dette er fordi kravet om å verta invitert til ulike russefestar, er å tilhøyra ei russegruppe. Og eit slikt krav gjer at menneske kan gå langt i å vera del av ein gjeng, sjølv om det kan påverka andre negativt. Det å ikkje få vera med og ikkje ha ein gjeng ein føler seg heime hos, kan påføra mykje større skade enn ein trur.
Det treng ikkje vera slik som dette.
Alle skal ha ein plass dei føler seg heime i russetida. Dette trur eg verkeleg er på tide at me tar på alvor. Grunnen til at eg fortel dette, er at det er så utruleg mange som ikkje fortel dette høgt. Og då håpar eg at akkurat du har dette i bakhovudet når du feirar russetida di. Dette har så utruleg stor betydning for andre.
