KrF er kjend for å ville styrke rettsvernet til ufødde barn. Då må vi også syte for god hjelp til dei som treng det. Når vi ønsker styrka rettsvern for den gruppa handlar det om menneskeverd, og nettopp menneskeverdet kan vi absolutt jobbe for i Alver kommune. Det handlar om at familiar og folk med spesielle behov skal få god hjelp her i Alver.

I regjeringsplattforma har vi fått gjennom mykje bra. Her er eit eksempel, direkte sitert: «Foreldre som ventar barn med spesielle behov skal få lovfesta rett til koordinator allereie under svangerskapet, så de kan tilbys rettleiing og støtte når den trengst aller mest.» Eit anna eksempel er at vi nyleg fekk gjennom at foreldrepermisjonen utvidast for dei med premature barn.

 

I Alver KrF har vi på programmet «at brukaren skal stå i sentrum – tenestetilbodet skal koordinerast og tilpassast ut frå kva brukaren treng,» og «sikra ordninga med omsorgslønn og brukarstyrt personleg assistent og gje god informasjon om dette,» samt «at personar med trong for helse- og omsorgstenester skal ha kunna få ferieopphald også utanfor kommunen.» Mellom anna. Vi vil det skal vere trygt og godt for alle å bu i Alver kommune. Vi vil stå fremst i kampen for menneskeverdet.