Brannvesenet har rykt ut til melding om brann på eit kjøken i Røsvikdalen i Knarvik. Det skal vera snakk om tørrkoking.

– Me har alt under kontroll. Det var røykutvikling når me kom fram, men me har ikkje observert flammar, seier Karl Johannes Romarheim ved Nordhordland brann og redning til NH.

Brannvesenet har ventilert bustaden, og held på å få ut røyken som har vore der.

Romarheim kan ikkje svara på om nokon treng helsehjelp som følgje av hendinga.

Nordhordland kjem tilbake med meir.