Gå til sidens hovedinnhold

Teknisk feil sette MF «Melderskin» ut av drift

Artikkelen er over 5 år gammel

OPPDATERT: Klokka 12.02 opplyste Norled at ferja var i rute igjen.

Norled opplyser klokka 10.55 tysdag morgon av ferja mellom Leirvåg og Sløvåg er innstilt grunna tekniske problem.

– Det er ein oljelekkasje på hovudmotoren som er problemet, seier Inge Andre Utåker i Norled til avisa Nordhordland.

Det skjedde like før ferja skulle gå frå Sløvåg.

– Det er ikkje noko alvorleg, og me har vore i kontakt med ein lokal leverandør for å få fatt i nokre slangebitar, seier Utåker.

Han reknar med at ferja er i drift i løpet av kort tid.

– Men eg kan ikkje seia noko nøyaktig no, seier han i 11.30-tida.

Det er berre sju dagar sidan ferja sist var ute av drift grunna teknisk feil. Då var det eit plastlager som var gått fløyten. Det var ein feil dei visste om, og ny del var alt på veg då det gjekk gale med ferja. Då var den ute av drift i rundt 10 timar.

– Korleis er den tekniske standen på ferja?

– Eg har hatt inntrykk av at ferja har vore i god stand. Men så har me hatt to hendingar på kort tid, så det viser at det kanskje var ei feilvurdering. Men me må gå nærare inn i detaljane og sjå på dette, seier han.

LES OGSÅ: Melderskin ute med motortrøbbel

Kommentarer til denne saken