Gå til sidens hovedinnhold

Melder om unormalt høgt vassforbruk: – Kan bli tørre kranar

Austrheim kommune ber innbyggjarar sjekke om dei har lekkasje.

Fredag føremiddag skriv Austrheim kommune på si heimeside at vassforbruket er unormalt høgt frå Dyrnes/Øksnes og utover i Øyane.

– Det betyr at det ein plass renn vatn ut i terrenget eller i verste fall innandørs i ei hytte eller eit hus, skriv kommunen.

Dei åtvarar om tørre kranar om ikkje feilen vert lokalisert og retta opp i.

Ber folk sjekke etter

Natt til fredag skal timeforbruket ha vore på 2000 liter.

– Då renn vatnet unna raskare enn ein klarer å fylla høgdebassenget på Årås, skriv kommunen.

Hyttefolk og fastbuande blir bedne om å sjekke lekkasje på eige ladingsnett, frå koplingspunkt og inn til bustaden, og for eventuelle lekkasjar innandørs.

– Det kan vere skader etter frost i vinter, og det kan vere eldre leidningar som ikkje toler trykket på det offentlege vassnettet.

Kommentarer til denne saken