- Reis frivillig, det er det beste for barna - er rådet frå lensmannskontoret, seier Zarife Kashtanjeva. Ho må forlata Meland og Noreg frivillig innan 27.april. Gjer ho ikkje det, kjem politiet og hentar ho med makt.

Same dag som tragedien i Japan opptek det norske folk, får Zarife brevet som ho heile tida har vore redd for: Datoen for når ho skal ut av landet.

Forstår ikkje

- Eg forstår ikkje kvifor eg må reisa. Og slett ikkje kvifor det må skje før saka har vore oppe til høgsterett, seier Zarife. UNE effektuerer no domen frå tingretten.

- Uansett kva måte det skjer på, vil situasjonen bli smertefull for barna. Eg meiner at eg ikkje har gjort noko gale. Difor reiser eg heller ikkje frivillig, slår kvinna frå Kosovo fast.

- Alt er feil

Ho meiner at alt er feil med saka hennar, heilt frå ho som 18 åring vart tatt med heim igjen av faren på feil tidspunkt i forhold til utvisingsvedtaket, til ho kom tilbake til Norge to år seinare.

- Då fekk eg både skattekort og stempel frå politiet om at eg hadde arbeidsløyve. Likevel vert eg skulda for å ha arbeidd utan løyve, seier ho.

Appellerer til Barnekonvensjonen

Zarife sin advokat Halvard Helle appeller no til FN sin Barnekonvensjon i Strasbourg i påvente av saka som kjem opp i høgsterett denne våren.

Kva meinte Stoltenberg?

Randi Moen i støttegruppa til Zarife seier ho har leite med lys og lykte etter moglege utvegar. Ho meiner saka er identisk med saka som førte til at statsminister Stoltenberg sytte for lovendring.

- No spør eg kor mykje verd statsministeren sin lovnad om at utlendingar som har barn i Norge og fyller vilkåra for familiegjenforeinging som hovudregel ikkje skal utvisast på grunn av ulovleg arbeid i mindre enn to år, seier Moen.

Interessert i fleire lokale nyheiter? Sjå kva abonnement som passar best for deg her