- Dette er den beste julegåva eg har fått nokon sinne! seier Zarife Kashtanjeva, som tirsdag fekk gladmeldinga om at ho får bli i Norge saman med mannen og dei to barna.

”Mi mamma! Mi mamma!”

Snart to år gamle Eland spring glad rundt i stova på Frekhaug.

Han er for liten til å forstå kva som skjer, men han veit mamma er glad.

Då er også han glad.

Alle ville feira

Etter ei stund kjem også den eldre broren Rawand heim frå barnehagen.

Då han gjekk om morgonen var mamma si framtid i Norge høgst usikker.

No skal Rawand vera med og feira at mamma endeleg får vera her saman med dei, utan å vera redd for at ho vert sendt tilbake til Kosovo.

Gode naboar og ordførar Nils Marton Aadland har møtt opp med kake og blomster.

Ingen visste noko om dommen i Oslo Tingrett då Nh tok kontakt.

Faktisk var ikkje ein gong Zarife sin advokat orientert.

Desto større vart gleda då gladmeldinga kom.

- I kveld skal eg grilla eit heilt lam eller ei heil ku, er mannen Tewane Saaid sin kommentar.

Han var på veg til jobb, då han vart beden om å koma heim att.

– Eg trudde politiet først var på veg, seier han til Nh.

Ugyldig vedtak

Dei siste månadane har vore usedvanleg tunge for den kosovoalbanske familien.

Etter at UNE sist sommar bestemte at Zarife skulle utvisast frå Norge for to år, valde ho å prøva avgjerda i retten.

Mandag fall dommen, og den stadfestar at Utlendingsnemnda sitt vedtak frå 4. juli er ugyldig.

Det vert vist til i domsavseiinga at Zarife har gjort seg skuldig i lovbrot, men at ho heile vegen har vore open og ærleg om det ho har føreteke seg.

Juryen valde å leggja størst vekt på barna sin situasjon.

I dette tilfellet er Zarife familien sin kjerneperson.

Det ville vera det beste for dei at mor fekk vera her i landet saman med dei.

Nær ved å gje opp

Mandag var Zarife sjølv så nedfor at ho sa til nabo og venninne Randi Moen, at no gav ho opp.

Tapte ho denne viktige rettssaka, ville ho ikkje lenger orka å gå gjennom det heile ein gong til i ein ankeprosess.

Då visste ho ikkje at ho hadde vunne og får dekka sakskostnadane.

- No skal eg sjå meg om etter jobb. Til hausten vil eg studera, seier ho. Naboane spøkar med at ho kan ta seg jobb i UNE. Ho svarar:

- Eg har lært mykje av denne prosessen, men eg vil aldri ha ein jobb der eg kan risikera å gjera andre folk vondt, seier ho og fortel at det er reiselivstudium som no freistar mest.

Gledeleg

- Dette var veldig kjekt, seier ordførar Nils Marton Aadland og viser til at denne dommen representerer ein god dag både for familien og for nettverket rundt.

UNE har to vekers ankefrist på dommen.

Det har ikkje lukkast nh å få kommentar derifrå.