Tar ingen sjansar med uvêret og utset folkemøte

Meland kommune flyttar folkemøte til etter nyttår.

DEL

På grunn av uvêret som er på gang vert tysdagens folkemøte i Meland rådhus på Frekhaug, som skulle omhandle områderegulering for Midtmarka og Rotemyra, utsett til 7. januar klokka 19.00.

Det melder Meland kommune på nettsidene sine og i ein epost til Avisa Nordhordland.

– Innspelsfristen på planane som ligg ute til høyring er i begynnelsen av februar, så møtet i januar blir i god tid før innspelsfristen, understrekar Meland-ordførar Øyvind Oddekalv (Ap) overfor Avisa Nordhordland.

Meland kommune har dei siste åra hatt fleire folkemøter om utbyggingsplanane for Midtmarka og Rotemyra, og hadde håpt å bli ferdig med den politikse behandlinga medan ein var eigen kommune. Det har ikkje lykkast og den vidare politiske behandlinga vil no skje i Alver kommune.

Artikkeltags