Meland kommune med bøn til innbyggarane: – Bruk mindre vatn!

DEL

Meland kommune har torsdag føremiddag gått ut med ei anmodning til sine innbyggarar.

Dei ber dei innstendig om å bruka mindre vatn.

– Det gode vêret har ført til at vassforbruket i Meland kommune har vorte veldig høgt, og for høgt vassforbruk betyr at vassbassenga ikkje rekk å bli fylt opp i løpet av natta. Vi oppmodar difor alle til å moderera forbruket, skriv dei på Facebook-sida si.

Artikkeltags