– Dette er verdt kvar einaste dør me har banka på!, jublar Thomas Larsen og Thomas Wallem i høvesvis Lindås Høgre og Meland Høgre.
Måndag var dei samla på felles valvake for Høgre og Framstegspartiet på Nordgardsløa på Frekhaug og jubelen stod i taket då valdagsmålinga for heile landet vart publisert og viste eit klart borgarleg fleirtal.
– Fantastisk! Det kunne ikkje ha vorte betre enn dette, jublar Larsen.
Høgre i Lindås og Meland har lagt ned ein enorm innsats i å overtyda veljarane om å stemma på nett dei.
- Resultat Nordhordland
- Lindås: Sande kjempar for Stortingsplassen
- Meland: Går mot eit knallval: Her står jubelen i taket hjå FrP og Høgre
- Radøy: Radværingane vil la Erna styra takten i fire nye år
- Austrheim: Austrheim vil ha borgarleg regjering
- Masfjorden: Senterpartiet gjer brakval i Masfjorden
- Fedje: Fedje vil ha Erna som statsminister
- Gulen: Oppedal jublar i Gulen
- Modalen: Senterpartiet suverent størst i Modalen
Natt til søndag stod dei og tok i mot passasjerane på nattbussen og delte ut vatn og kondom. Søndag var dei i Brekkeløypa og delte ut bananar. Dette kjem i tillegg til dei 2274 dørene dei har banka på.
Dei seier det handlar om direkte velgarkontakt.
– Då har me oppmoda folk til å stemma og me har høyrd kva dei er opptatt av, seier Larsen.
Wallem seier det handlar om å oppmoda folk til å stemma. Og førebels ser det lovande ut for dei.
25-30 personar hadde tatt turen til valvaka.
Høgres einaste stortingsrepresentant frå Nordhordland, Torill Eidsheim jublar og over valdagsmålinga, men tek ikkje av enno.
– Dette er ei fantastisk melding å få, men me veit ikkje korleis det slår ut at så mange har førehandsrøysta, seier Eidsheim til avisa Nordhordland.

Sande kjempar for Stortingsplassen
Ho uroar seg for kven som har gjort det.
– Me kan jo risikera at det er veldig mange borgarlege som har førehandsrøysta, men det er eit resultat å gleda seg over.
Held dei tala som er komme til no heilt inn, er i alle fall Eidsheim sikra fire nye år på Stortinget.
May Eva Sandvik, kommunestyrerepresentant i Lindås for Høgre jublar naturlegvis over tala.
- Det er jo tidleg kveld, men slik det ser ut no ser det jo veldig bra ut, seier ho.