For litt over to veker sidan kunne familien og vener jubla, etter at Zarife Kashtanjeva vann fram på alle punkt i Oslo Tingrett. Men no er det sorg og fortviling som rår, etter at det vart gjort kjent for henne at UNE ankar saka.

Medan tingretten valde å leggja mest vekt på omsynet til dei to små barna som må vera att på Frekhaug med faren dersom det tidlegare vedtaket om utvisning vert effektuert, så har UNE hengt seg opp i arbeidstilhøvet hennar på Solstrand Hotell. Det er dette argumentet som ligg i botn for anken, får vi opplyst av Zarife sin advokat Halvard Helle.

- Staten ønskjer å splitta opp ein heil familie for å få gjennom sitt vedtak, seier Helle, som meiner at det er å overgå barnekonvensjonen til FN. Saka hamnar dermed i lagmannsretten, truleg utpå vårparten. Han meiner Zarife har ei god sak.

- Oslo Tingrett sin dom var ganske eintydig, den gav Zarife Kashtanjeva medhald på alle punkt. Det er svært sterke kort å stilla med i den vidare rettsprosessen, seier Halvard Helle.

Reint konkret betyr dette at Zarife må leva i uvisse nokre månader til. Tingretten stadfesta at UNE sitt vedtak var ugyldig. Difor er det ingen som har heimel til å kasta henne ut av landet før ei eventuell ny domsavseiing føreligg som støttar UNE sitt tidlegare vedtak, opplyser advokaten.