Vil bygga etterlengta undergang

UNDERGANG: Statens vegvesen vil no få på plass ny trase for gangvegen i undergang under Krossnessundbrua. ARKIVFOTO: Morten Sæle

UNDERGANG: Statens vegvesen vil no få på plass ny trase for gangvegen i undergang under Krossnessundbrua. ARKIVFOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Statens vegvesen fremmer hastesak for å få på plass ei løysing.

DEL

I formannskapsmøtet onsdag gjekk politikarane inn for å gi Statens vegvesen dispensasjon frå plankravet i kommuneplanen sin arealdel for trafikksikringstiltak i Fossekrysset. Saka er fremma som ei hastesak. På grunn av at dei no har oppdaga eit masseoverskot for veganlegget over Flatøy, hastar det med å finne løysingar på plassering av store steinmassar, og gjerne der dei likevel skal i gang med anlegg.

Utsett punkt

Fossekrysset har lenge vore eit utsett punkt trafikksikringsmessig, med kryssinga av gang- og sykkelvegen over fylkesvegen. No vil Statens vegvesen at det skal byggast fortau rundt busshaldeplassen i Fossekrysset, og at gangvegen skal førast frå Krossnessundbrua i ein boge i retning Litlebergen, tilbake og ned under Krossnessundbrua og opp att slik at den treff gang- og sykkelvegen vidare i retning Frekhaug. Fotgjengarkryssinga over fylkesvegen vil bli stengt.

LES OGSÅ: Denne mannen gjev vekk 1500 lastebillass med stein

I saksutgreiinga frå administrasjonen opplyser Vegkontoret at der er løyvd to millionar kroner i statlege og fylkeskommunale midlar til trafikksikringstiltak ved busshaldeplassen, og 2,5 millionar kroner til å føre gang- og sykkelvegen ned i ein undergang. Vidare er det sagt at vegkontoret har prosjektert løysinga.

Administrasjonen legg fram ein viss skepsis i saksutgreiinga, og seier risikoen for at anlegget ikkje er framtidsretta er noko vegvesenet må ta på seg.

– Undergangen kan i beste fall mista funksjonen sin om nokre år. Fortau ved busshaldeplassen er eit mindre omfattande inngrep som kan byggast om når dei samla trafikkløysingane er hensiktsmessig planlagt, kan ein lesa i utgreiinga.

LES OGSÅ: KrF i Meland vil ha feilmeldingsteneste

– Risikoen for å bygge anlegg som ikkje er framtidsretta må likevel Statens vegvesen ta, så lenge anlegget ikkje hindrar planlegginga av dei gode løysingane, står det vidare.

Samrøystes

Formannskapet stemte samrøystes for administrasjonen si innstilling.

– Vilkåret for vedtaket er at søknad og all dokumentasjon blir sendt inn og at krava til varsling og høyring vert etterlevd, heiter det i vedtaket frå formannskapet.

– Grunngjevinga for vedtaket er at Statens vegvesen sit på steinmassar og trafikksikringsmidlar som er tenkt nytta i dette anlegget, står det vidare.

Artikkeltags