Lastebil velta - sjåføren til legevakt

Ein lastebil køyrte av vegen på fv5318 fredag morgon.

Ein lastebil køyrte av vegen på fv5318 fredag morgon. Foto:

Av

Lastebilvelt på Kårbø i Meland fredag morgon.

DEL

(BA): Fredag klokka 06.48 fekk naudetatene melding om ei trafikkulykke på Kårbø på fylkesveg 5318 i Meland kommune.

– Ein lastebil køyrde av vegen og velta over på førarsida og blei liggande, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Føraren, ein 19 år gammal mann, var åleine i køyretøyet, og kom seg ut på eiga hand.

Vedkommende blødde frå eit kutt i hovudet, men hadde ikkje behov for ambulanse. Han oppsøker legevakta sjølv, ifølge politiet.

– Hendingsforløpet er foreløpig uklart, seier Kolltveit i politiet.

Vegtrafikksentralen opplyser til BA at det har kome meldingar om glatt veg på staden.

Ein kranbil må fjerne lastebilen.

Artikkeltags