Pangstart for nytt bakkeløp

RASKASTE MANN: Svein Roar Kvamme på veg til målgang på toppen av Tveitanipa.FOTO: Anita Skarpenes

RASKASTE MANN: Svein Roar Kvamme på veg til målgang på toppen av Tveitanipa.FOTO: Anita Skarpenes

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

MELAND: – Fantastisk oppmøte og knallvêr, dette måtte berre bli ein bra dag!

DEL

Det seier Anne Lise Markhus Knudsen som står bak arrangementet «Tveitanipa Opp». Med god hjelp frå familie og venner vart motbakkeløpet arrangert for første gang søndag.

26 løparar med startnummer på brystet og minst like mange utan tidtaking fann vegen til arrangementet.

Familiearrangement

– Arrangørane bak «Gladihaug Opp» og Erstadfjellet Opp» kasta ballen til meg om å arrangera neste løp. Det har eg alltid hatt lyst til, så eg tok utfordringa, seier Anne Lise. Ho bestemte seg for å gjera løpet til eit familiearrangement.

LES OGSÅ: Strålande sol og god stemning

– Å få folk ut og halda seg i form er noko eg er veldig oppteken av, seier ho.
I tillegg til sjølve motbakkeløpet hadde dei òg rydda familieløype på flata ved Myrtveittjørna, og flott ein flott grillplass.

– Til neste år satsar vi på eigen barnekonkurranse med tidtaking, det vart etterlyst i år, seier ho.

Første motbakkeløp

Ultraløpar Per Audun Heskestad er vant til langt lengre distansar, men kom seg inn til ein sjuandeplass.

– Dette er første gong eg har gjort eit motbakkeløp. Eg har gått på toppturar sjølvsagt, dette vart mykje det same, det vart å gå store delar, seier han, og rosar arrangørane for flott tiltak.

Rådmann Ingvild Hjelmtveit i Meland overraska seg sjølv med tredjeplass i dameklassen.

Overraska

– Eg hadde ingen ambisjonar om det, men det var kjekt å vera med. Min kropp er ikkje bygd for dette, seier ho med eit smil. Roar Kvamme var raskast til toppen med tida 10.52.

– Det var eit kjekt løp, eg har aldri vore her før, seier han.

– Eg spring mest flatt, men eg har vore med på alle dei lokale motbakkeløpa, seier Kvamme.

Familien Fløysand/Austrheim tok turen til toppen alle saman.

LES OGSÅ: Klar for å la seg ut utfordra

– Det var ein grei tur, men litt slitsamt, seier storesøster Trude.

– Det var litt vinter nokon plassar, som gjorde det litt glatt, seier pappa Trond Austrheim.

– Eit veldig bra løp. Dette er det tredje løpet i Facebook-regi, dette utviklar seg og vert større og større, seier han.


Resultat Tveitanipa opp:

Herreklassen
1. Svein Roar Kvamme 10:52
2. Sverre Johansen 13:06
3. Arild Myhr 14:51
4. Trond Austrheim 15:02
5. Knut Harald Odland 15:12
6. Truls Reigstad 15:46
7. Per Audun Heskestad 16:05
8. Bjørn Gripsgård Knudsen 16:17
9. Arne Stusdal 16:54
10. Rolf Thoreen 18:26
11. Jørgen Stusdal 18:54
12. Steinar Pihl 20:00

Dameklassen
1. Anne Lise Markhus Knudsen 14:34
2. Ingunn Kvalsvik 20:00
3. Ingvild Hjelmtveit 26:00
4. Anita Skarpenes 31:00
5. Sara Linea Pihl 32:00
6. Ane Grevle Skoge 32:00
7. Maria E. Odland 33:59
8. Irene Morken 36:00

Artikkeltags