Slutt for Flatøy skule neste haust

Mange bygdefolk og foreldre frå Flatøy følgde skuledebatten i kommunestyret i kveld.

Mange bygdefolk og foreldre frå Flatøy følgde skuledebatten i kommunestyret i kveld.

Artikkelen er over 8 år gammel

Men mindretalet krev lovlegkontroll av nedleggingsvedtaket.

DEL

Med 21 mot 6 røyster vedtok Meland kommunestyre i kveld å leggja ned Flatøy skule frå komande haust. Mindretalet har bestemt seg for å få ei avklaring hjå fylkesmannen om vedtaket er lovleg utfrå Opplæringslova, informerte Marie Morken (Samarbeidslista).

SP, FrP, Høgre, Venstre gjekk samla inn for nedlegging, og fekk støtte frå fleirtalet i KrF. Tre av AP sine fire representantar, Samarbeidslista sine to representantar og Torstein Flatøy frå KrF utgjorde mindretalet.

Kjensleladd debatt

Det vart ein lang og til dels kjensleladd debatt i kommunestyret i kveld. Representantar frå fleirtalet la avgjerande vekt på den økonomiske situasjonen og slo fast at kommunen står overfor store utfordringar med å tilpassa kostnadsida til inntektene.

- Julekvelden på kjerringa

- Forslaget om nedlegging kom som ”julekvelden på kjerringa”, sa Marie Morken (SL).

Både Morken og Berit Ohnstad (A), begge flatøybuar, heldt til dels kraftfulle innlegg for ikkje å sletta Flatøy skule frå kartet med eit pennestrøk i eit budsjettvedtak.

- Saksbehandlinga har vore totalt uansvarleg, og stikk i strid med krava i Opplæringslova. Vi må vurdera skulestrukturen i Meland under eitt, ikkje stykkevis og delt, sa dei to mindretalsrepresentantane.

- Berre pengar

Flatøybu Torstein Flatøy (KrF) hevda frå talarstolen at det lyser kroner og øre ut av augene på fleirtals-representantane.

- Ingen ting anna blir verdsett. No tar det vekk det beste ved å bu på Flatøy, nemleg skulen, sa Flatøy, som retta eit sterkt verbalt svingslag først og fremst mot SP.

Men Flatøy fekk heller ingen støtte frå sine to partikollegaer i kommunestyret.

- Løgn og fanteri

Arnold Tveit (SP) var skuffa over debattnivået i skulesaka. Han meinte innlegg både frå talarstolen i kommunestyret og i lesarbrevspaltene til dels prega av løgn og fanteri.

Fiasko-oppskrift

Ordførar Nils Marton Aadland (H) såg det som direkte utidig at nokon frå talarstolen prøvde å leggja skulda for nedlegging på eit bestemt parti, når vitterleg eit samla formannskap stod bak.

- Det er ikkje anstendig, sa Aadland. Han la til at oppskrifta på fiasko er å bruka meir pengar enn ein har til disposisjon.

- Smerteleg

Ap lanserte eit alternativ budsjettforslag som slo ring om Flatøy skule, men som i følgje eige utsegn var smerteleg med sine relativt kraftige kutt i pleie- og omsorgssektoren.

Varaordførar Jarle Vikebø (A) skilde lag med resten av AP-gruppa og stemte for nedlegging.

Skuffa Vestbygd-foreldre

Mange flatøybuarar følgde debatten i kommunestyret, og gjekk skuffa heim.

Skuffa var også bokmåls-foreldra ved Vestbygd skule, som måtte konstatera at dei frå komande haust må senda førsteklassingane sine til Sagstad skule dersom dei skal gå i bokmålsklasse.

Men siste ord er neppe sagt i noko av dei to aktuelle skulesakene i Meland.

Artikkeltags