Medlemmar i Transport- og kommunikasjonskomiteen var i møte med ordførar Nils Marton Aadland mandag ettermiddag. Aadland presenterte Meland sine utfordringar i høve til samferdsel, mellom anna med fokus på utfordringane trafikken på E39 skapar for dei mange pendlarane i kommunen.

LES OGSÅ: undefined

– Nyborgtunnelen er eit av dei beste prosjekta i vår region i høve nytteprinsippet. Den vil òg avlaste vegen om Hylkje med 20000 bilar i døgnet, og vil korte ned avstanden til Åsane med 5,5 kilometer, fortel Aadland til komiteen.

Stod i kø

Alle dei fire representantane frå Høgre som sit i komiteen var med på møtet, i tillegg var stortingsrepresentant for Høyre, Sigurd Hille, med over fjellet. Dei tok båten frå Bergen til Frekhaug, og skulle etter planen plukkast opp på kaien av rådgjevar Oliver Husøy, som køyrde bil frå Bergen, men grunna den vanlege ettermiddagstrafikken vart han ståande i kø, og politikarane tok beina fatt opp bakken til rådhuset i Meland.

LES OGSÅ: undefined

– Det gjekk sakte, men dette var nok ikkje den verste dagen, seier Husøy, som brukte 45 minutt på dei 28 kilometerane frå Bergen til Frekhaug, og dermed understreka behovet for Nyborgtunnelen.

– Utgangspunktet for vår reise er å kjenna infrastrukturen i heile landet, som vil danna grunnlaget for neste Nasjonal Transportplan (NTP), seier Helleland.

Gode argument

Komitemedlem Helge Orten seier det openbert er gode argument for at Nyborgtunnelen bør realiserast fort.

– Det er openbert både ut frå lønnsemd og behov. Dette er gode argument å ta med inn i forhandlingane til NTP. For heile regionbygginga er dette eit viktig prosjekt som kortar ned avstandane, seier han.
– Vi må mellom anna sørga for at det er nok kapasitet på vegane slik at det er plass til bussen, ein har vore alt for lite flink til å bygga regionar samla sett, mykje har blitt gjort klattvis, seier han.

– Slutt å klatte

– Vi er glad for at denne regjeringa har vald å ta vekstkommunane sine utfordringar alvorleg. Det er spesielt to ting regjeringa ser på; slutte å klatte, og bygge ut meir enheitleg. Det andre er å planlegga mykje fortare. Eg trur vegvesenet er gått lei av å planlegga prosjekt som ikkje kjem dei næraste ti åra, seier Orten.

Leiaren i komiteen seier dei tar med seg gode innspel frå møtet i Meland.

Tar hintet

– Vi tar med oss hintet frå Aadland om å få Nyborgtunnelen inn i forhandlingane til neste NTP. Det er difor vi er ute, for å bli kjent med behovet og prosjekta, seier Helleland. Turen til Hordaland er det 12. fylket dei vitjar.

LES OGSÅ: undefined

– No må vi begynne å prioritere og sy saman planen. Vi har dessverre ikkje pengar til alt, men ein av vurderingane vi gjer er å sjå på å få til velfungerande arbeismarknadsregionar, seier ho.

Ordførar Nils Marton Aadland har store forhåpningar for neste NTP.

– Eg håpar at vi no klarar å få Nyborgtunnelen fram i handsaminga, den er utruleg viktig for Nordhordland. Der har vi verkeleg forhåpningar om at det kan skje noko positivt i høve til NTP, seier han.